Kirsti Lovise Slotsvik Kystdirektør foto Ogne
FLEIRE LEIARJOBBAR: Kirsti Slotsvik har mellom anna vore Kystdirektør og leiar for Jernbanedirektoratat. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kirsti Slotsvik ny ÅKP-sjef

Går frå Sørsida Utvikling til Åkp.

23.02.2023

Kirsti Slotsvik skal byrje som Åkp-sjef seinast 1. september.

Slotsvik tek over etter Per Erik Dalen, som har leia Åkp sidan januar 2004.

Slotsvik har vore leiar for det kommunalt eigde eigedomsutviklingselskapet Sørsida Utvikling i Ålesund sidan mars 2021. Det er eit selskap som arbeider for utvikling av området rundt rutebilstasjonen i Ålesund.

Frå mars 2018 til mars 2021 var ho sjef for Jernbanedirektoratet og før det var ho sjef for Kystdirektoratet i 11 år.

Ho er også styreleiar for innovasjonsarenaen hos Åkp, Blue Innovation Arena.

Stor interesse
- Eg ser fram til å ta fatt i ei svært interessant stilling. Å vere med å ta næringslivet inn i framtida saman med dei dyktige folka som jobbar i organisasjonen er hovedgrunnen til at eg takka ja, seier Kirsti Slotsvik i ei pressemelding frå Åkp.

- Det var gledeleg stor interesse for denne stillinga, med mange svært godt kvalifiserte søkarar. Etter grundige vurderingar, både målt opp mot eksisterande og framtidig behov for å videreføre den viktige satsinga til ÅKP inn i framtida, framstår Kirsti som den klart best kvalifiserte kandidaten til stillinga. Vi er svært tilfreds med at ho har takka ja til stillinga, seier styreleiar Gunnar Hareide i Åkp i pressemeldinga.

23 tilsette
Åkp har 23 tilsette, dei fleste på hovudkontor i Ålesund, og gir råd og tilbyr tenester knytt til innovasjon og entreprenørskap.

Åkp driv innovasjonssenteret Blue Innovation Arena på NMK i Ålesund og administrerer næringsklyngene GCE Blue Maritime og NCE Blue Legasea.

Åkp administrerer også Digicat - Norsk katapultsenter.

MAFOSS. Maritim foreining for Søre Sunnmøre er også under Åkp-paraplyen.

Publisert: 23.02.2023 08:04

Sist oppdatert: 23.02.2023 08:54