No har Solship Invest 3 avtalt med dei større finansielle kreditorane at selskapet slepp å betale renter og avdrag på gjelda fram til 4. mai.
I tysdag opplyser selskapet at avtalen vil gi tid til å fortsette forhandlingane med dei finansielle kreditorane med mål om å kome fram til ein langsiktig finansieringsavtale for Solship Invest 3 og dotterselskapa.
Solship Invest 3 er det tidlegare selskapet Deep Sea Supply plc, som vart ein del av Solstad Farstad gjennom samanslåinga av fire selskap.
I eit skriv til obligasjonseigarane 13. mars i år opplyser Solstad Farstad at morkonsernet har ikkje garantert for gjelda i Solship Invest 3 eller dei øvrige dotterselskapa, men Solstad Farstad fryktar likevel at at heile konsernet kan kome i ein kryssande misleghaldsituasjon, spesielt sidan selskapet har avtale med obligasjonseigarane om at dette kan verte tilfelle dersom misleghaldet i Solship Invest 3 overstig 50 millionar kroner.
Solstad Farstad fryktar også at problema i Solship Invest 3 kan føre til vanskar med å utnytte marknadsmulegheitene, og at eksisterande kontraktar og dermed 'cash flow' kan vere utsett.
I tysdag opplyser selskapet at avtalen vil gi tid til å fortsette forhandlingane med dei finansielle kreditorane med mål om å kome fram til ein langsiktig finansieringsavtale for Solship Invest 3 og dotterselskapa.
Solship Invest 3 er det tidlegare selskapet Deep Sea Supply plc, som vart ein del av Solstad Farstad gjennom samanslåinga av fire selskap.
Fryktar smitteeeffekt
Dei fire selskapa er organiserte som sjølvstendige finansielle einingar, der Solship Invest 1 er tidlegare Rem Offshore, Solship Invest 3 er tidlegare Deep Sea Supply, medan Farstad Shipping også er eiga eining. I tillegg er tidlegare Solstad Offshore også ei separat eining under Solstad Farstad-paraplyen.I eit skriv til obligasjonseigarane 13. mars i år opplyser Solstad Farstad at morkonsernet har ikkje garantert for gjelda i Solship Invest 3 eller dei øvrige dotterselskapa, men Solstad Farstad fryktar likevel at at heile konsernet kan kome i ein kryssande misleghaldsituasjon, spesielt sidan selskapet har avtale med obligasjonseigarane om at dette kan verte tilfelle dersom misleghaldet i Solship Invest 3 overstig 50 millionar kroner.
Solstad Farstad fryktar også at problema i Solship Invest 3 kan føre til vanskar med å utnytte marknadsmulegheitene, og at eksisterande kontraktar og dermed 'cash flow' kan vere utsett.
Publisert: 28.03.2018 07:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20