Kjell inge røkke foto ntb 11
PÅ TOPP: Ifølgje skattelistene for 2020 er Kjell Inge Røkke landets rikaste. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Kjell Inge Røkke tilbake på topp

Moldenseren er igjen rikest i landet, etter å ha gjenerobret 1. plassen fra laksearving.

08.12.2021

(NPK-NTB): Med ein formue på 19,63 milliardar kroner i fjor er Kjell Inge Røkke igjen Noregs rikaste. Aker-eigaren passerte laksearvingen Gustav Magnar Witzøe.

Røkke hadde litt over ti millionar kroner meir i formue enn Witzøe, viser skattelistene for 2020. Witzøe dytta Røkke ned frå formuestrona i skatteåret 2019, men no er rollene snudd igjen.

Oljefondssjef Nicolai Tangen har 3.-plassen med vel 8,13 milliardar kroner i formue. Deretter følgjer eigedomsinvestor Ivar Tollefsen (7,64), Johan Johansson i Norgesgruppen (6,23) og Rema-gründer Odd Reitan (5,94).

Noregs rikaste kvinne er Johan A. Andresens dotter Alexandra Gamlemshaug Andresen med ein formue med snautt 5,6 milliardar kroner. Det er tre millionar meir enn storesøstera Katharina. Søstrene hadde null i inntekt og betalte rundt 47 millionar kroner i skatt kvar, ifølgje skattelistene.

Mest inntekt hadde Trond Mohn med vel 303 millionar kroner. Han tronar framfor Ivar Erik Tollefsen, Øystein Stray Spetalen og Gustav Magnar Witzøe.

Laksearvingen Witzøe betalte mest skatt med vel 233 millionar kroner. Røkke betalte 175 millionar kroner, medan Tollefsen og Mohn betalte 156 og 135 millionar kroner.

Fleire av Noregs rikaste hadde lågare likningsformue i 2020 enn 2019 utan at det betyr at pengane har forsvunne. Endringar i verdiberekning som avgjer skattegrunnlaget, har nemleg endra seg frå årsskiftet, noko som påverkar listene, skriv E24.

(©NPK)

Publisert: 08.12.2021 08:31

Sist oppdatert: 08.12.2021 08:35

Mer om