Kjem med modell for turistbetaling
PRØVESTAD: Verdsarvområdet i Geiranger kan bli ein av stadane kor ein prøver ut Prosjekt Fellesgodefinansiering. 
Nytt

Kjem med modell for turistbetaling

Ein ny modell skisserer korleis ein kan få betre styring av turiststraumen. Moglegheit til å hente inn turistbetaling gjennom mobil og skiltlesing kan bidra.

Marius Rosbach
11.03.2020
(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Det er spådd kraftig vekst i internasjonal turisme dei neste åra og mange ønsker turistskatt for å handtere auken.
– Fellesgodefinansiering går ut på at ein i område med mykje turistar har behov for tilrettelegging. Det kan vere toalett, søppelhandtering, skilting, sentrumsoppgraderingar, skilting, transportledd og liknande. Mykje av dette blir dekt av kommunar, fylke og kommersielle aktørar i dag, men i område med få innbyggjarar og mange turistar er ikkje det tilstrekkeleg. I område som til dømes Geiranger og Flåm med om lag 2000 innbyggjarar og 1 million tilreisande i året, er det utfordrande å bygge heile infrastrukturen på eit budsjett som er dimensjonert for 2000. Difor vil vi ha dei tilreisande med på å betale for dei goda ein brukar i samfunnet, seier reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord til Nynorsk pressekontor.

Han har vore prosjektleiar for «Prosjekt fellesgodefinansiering», og onsdag la han fram prosjektplanen under i Geiranger, der fleire politikarar og ei rekke aktørar frå norsk reiselivsnæring var til stades.
– Det vi legg fram no er ei løypemelding. Innan 15. april er planen å ha ferdig første del av konklusjonane. Vi er framleis i ein prosess, fortel Brandshaug.

Les også:



Strandaordførar:


Må komme besøkande til gode

I første omgang er målet å gjennomføre eit pilotprosjekt med fellesgodefinansiering i verdsarvområda ved Geiranger og Nærøyfjorden og eventuelt andre utvalde reisemål som til dømes Lofoten, Tromsø og Sogn.
– Pengane vi får inn må komme dei besøkande direkte til gode. Konkrete ting som søppelhandtering, parkering, skilting, turstiar og liknande. Det må vere pengar som er øyremerkte til å dekke behova der skoen trykkjer lokalt. Det må vere heilt tydeleg kva midlane skal brukast til, seier prosjektleiaren.
Han ønskjer ikkje å bruke omgrepet turistskatt.
– Ordet turistskatt blir brukt i media, men i Noreg er skatt aldri øyremerka. Difor nyttar vi ikkje ordet turistskatt.
– Midlane kan ikkje gå rett inn i ei kommunekasse. Det må vere ei fondsstyring. Kommunane sjølve må få avgjere om dei vil ha fellesgodefinansiering, men om dei seier ja, vil vi at det skal vere eit fondssyre som forvaltar midlane, seier Brandshaug.
– I eit slikt styre vil vi at reiselivsnæringa, reisemålsselskapa, vernemyndigheitene, hamnestell og kommunen sjølv skal sitte. Så må ein tildele midlane etter ein heilt konkret lokalt forankra plan, legg han til.

Trafikkstyring og inntekter

Prosjektgruppa skisserer ein ønskt modell der det dei karakteriserer som brukarbetaling og trafikkstyring står sentralt. Mellom anna ønskjer dei å modellar som premierer tilreisande som kjem på tidspunkt med mindre turisttrafikk, og betalingsløysingar på mobil og ved skiltlesing.
– Eitt av dei foreslåtte tiltaka er å ta betalt frå køyretøy med skiltlesingsteknologi. Då kan ein avgrense eit område og ha betaling inn og ut som ei bompengeløysing. Denne løysinga kan òg vere dynamisk slik at prisen endrar seg etter kva tid på døgnet ein køyrer inn og ut. I tillegg kan denne bomløysinga vere billigare for dei som vel å bli i området det gjeld over fleire dagar, seier Brandshaug.
Dei jobbar òg for å få på plass løysingar gjennom mobilteknologi.
– Vi ser på moglegheitene for å ta betalt og sende ut informasjon med mobilteknologi. Til dømes kan det vere at det blir sendt ut melding om at du no er i eit verdsarvområde og her må du betale x kroner for å vere, fortel prosjektleiaren.
For dei som kjem med cruiseskip eller kollektivtrafikk, jobbar ein for å få på plass ei løysing der dei betalar over billetten sin.

Vil ha utgreiing

Samarbeid med det offentlege er òg eit viktig område som blir omtalt i prosjektet.
– På nasjonalt nivå er vi i dialog med Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet, i tillegg til opposisjonspolitikarar og regjeringspartia på Stortinget. Det vi treng er politisk vilje til å lage ei Nasjonal Offentleg Utgreiing (NOU) basert på prosjektet vårt. Samstundes ønskjer vi å teste tiltaka i eit pilotprosjekt raskast mogleg, og det treng vi nasjonalt klarsignal for, seier Brandshaug.
Tiltaka som blir skisserte kan i stor grad gjennomførast utan store lovendringar.
– Det finst moglegheiter til å vri litt på friluftslova og naturmangfaldlova, slik at ein kan opne for det vi snakkar om i prosjektet. Det krev kanskje små lovendringar, men ikkje nye lover nødvendigvis.
SV har lansert forslag om ei utgreiing rundt fellesgodefinansiering. Det skal opp i Stortinget 16. april.
– Vi ønskjer å konkludere innan 15. april for å vere med å gi innspel den 16. Det som er ønsket vårt då er at det blir politisk fleirtal for å lage ei NOU og samstundes opning for pilottesting så snart som råd. Det jobbar vi primært med no, avsluttar Braandshaug.
(©NPK)

Les også:



Publisert: 11.03.2020 20:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54