Oppstartsselskapet Norvivo fekk ein god start på salet som tok til mot slutten av fjoråret, viser rekneskapen som no er offentleg.
På berre eit par månader selde selskapet hårolje for kring ein halv million kroner og den samla omsetninga for året vart 1,4 millionar kroner.
Botnlinja viste eit underskot før skatt på kring éin million (sjå tabell under).
Hårolje skal gi ny vekst
Selskapet med adresse på Haramsøy har utvikla ein type hårolje som skal gi ny hårvekst.
Styreleiar og medeigar Aina M. Hauge fortel til Nett No at dei er svært takksame for mottakinga av hårolja som dei har kalla Acceleroot.
– Mars har vore den beste månaden så langt, og vi har omsett for meir enn januar og februar til saman, skriv ho i ein e-post.
Statistikken til Shopify viser at nettbutikken deira er besøkt over 41.000 gonger og salet peikar oppover.
Fekk inn nye investorar
Nett No omtala i fjor haust at selskapet var på jakt etter nye investorar. I ein emisjon der dei fekk inn i overkant av 1,1 millionar kroner, deltok fleire kjente namn frå det lokale næringslivet.
På aksjonærlista finn vi no mellom anna Salmoserve AS med Sandøy-brørne i brønnbåtreiarlaget Rostein, og Glen Bradley, på eigarsida.
Andhav Invest som er eigd av Adviso-sjef Ingvild Vartdal og Havnevik AS som er eigd av Anders Møller Havnevik var også mellom dei nye investorane som kom inn.
Det same gjorde gründerane sjølve, som framleis eig over 90 prosent av aksjane i selskapet.
Abonnementsordning
Ingrediensane til hårolja er importert frå utlandet, men sjølve olja blir no produsert ved Kosmetikk Laboratoriet i Stavanger.
Firmaet tilbyr mellom anna ei abonnementsordning.
Selskapet hadde budsjettert med eit fråfall på kring 60 prosent av dei første abonnentane – fordi ein ofte opplever det med slike tenester.
– Så langt har fråfallet vore mykje lågare, kring 14 prosent, fortel Hauge.
Norvivo AS
Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekter: | 1,4 | 0 |
Driftsresultat: | -1 | 0 |
Resultat før skatt: | -1 | 0 |
Publisert: 28.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 28.03.2025 11:32