Kjoepargruppe la hotellplanar paa is
SÅNN VAR DET FØR: No er det berre ei brannruin att av Selje Hotell. Bustyrar vonar på avklaring i løpet av hausten.
Nytt

Kjøpargruppe la hotellplanar på is

Konkurransen frå nye hotell i Måløy og på Stadlandet fekk Ståle Åhjem til å legge hotellplanar i Selje på is.

26.09.2017
Gjennom sitt heileigde selskap Eltvik & Åhjem Eftf kjøpte Ståle Åhjem i sommar Frimannsbuda i Selje sentrum, ein av eigedomane til hotellselskapet i Selje.
Bygget husar ein pub og leiger ut rom til turistar og andre reisande. Planen er å drive vidare som før etter å ha pussa opp. Åhjem eig og driv også Åhjemsbuda i Selje, med eit større selskaps-/publokale og rom som er leigd ut på langtidsbasis til hurtigbåtmannskapet til Norled.
Saman med ei gruppe på fire andre investorar har han også sett på å overta konkursråka Selje Hotell, der dei tidlegare eigarane no sit i retten tiltalt for brannstifting i fjor haust.

Eltvik & Åhjem driv levering av pararfin og fyringsolje og ein bensinstasjon, og hadde 44 millionar kroner i driftsinntekter i fjor.

For dyrt

Reknestykket til Åhjem og partnarane, der mellom andre Jon Olav Lefdal var med, viste at dei måtte ha minst 30 millionar kroner i årlege driftsinntekter for drive i balanse, og at dei måtte invester knappe 140 millionar kroner for å få eit nytt hotell på plass.
I tilegg kjem kostnadar på mellom 4,5 og seks millionar kroner for å rydde branntomta.
Kostnadane, og manglande interesse frå etablerte hotellkjeder til å bli med på ei satsing, gjorde at gruppa på fem la planane på is. Kva dei einskilde investorarne vil gjere kvar for seg kan Eltvik ikkje svare på, men som gruppe er dei ikkje lenger med i følgje Eltvik.
- Vi har snakka med absolutt alle som driv hotell i Noreg, seier Åhjem.
I tillegg kjem konkurransen frå nye hotell både i nord og sør.

Nye hotell i sør og nord

Brannen i Selje Hotell i fjor haust gjorde at Stig Ervik i Ervikgruppa tok fram hotellplanar i Leikanger på Stadlandet.

Selskaps- og restaurantlokalet Furebuda får nytt liv og blir i tillegg utvida med hotellrom. Fiskerikonsernet treng overnattingskapasitet til tilreisande og vil også satse på turismen. I første omgang blir det 12 hotellrom i neste omgang er planen å utvide med ytterlegare 18 rom.
Bygginga er i gang, dagleg leiar tilsett og opning planlagt i haust.
I Måløy jobbar ei investorgruppe med blant andre Gunnar Carlson og Sverre Søraa på laget med å få reist eit nytt hotell og kulturhus i Måløy sentru,

Vonar på snarleg avklaring

Bustyrar Thore Heggen vonar framtida til hotellet i Selje kan vere avklart i løpet av få månadar.
- Det er ønskjeleg å ha fått ei avklaring før hausten er komen alt for langt, seier bustyrar Thore Heggen.
Det er interessentar som har meldt seg, men Heggem vil ikkje seie noko meir om interessa for å kjøpe det brannherja hotellet.
Sparebanken Vest er største kreditor med eit pant på 15 millionar kroner, og har dermed det avgjerande ordet ved eit evetuelt sal.
Kjem det eit bod som banken godtar blir det sal.
Om ikkje det er kjøparar å finne er eitt alternativ å frigi eigedomen. Då blir det formelt det gamle styret i hotellselskapet som har ansvaret for å handtere den, og dermed ansvaret for eventuelle skadar som blir forårsaka av at branntomta ikkje er rydda.

Publisert: 26.09.2017 11:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14