Ulstein Luis Pardo Nexans Runar Toftesund prosjektleiar Ulstein Verft Foto Ulstein
NYBYGG: Runar Toftesund (t.h.) er prosjektleiar for bygginga av det nye kabelskipet ved Ulstein Verft. Her saman med Luis Pardo frå Nexans. Foto: Ulstein Group
Nytt

Verftet held koken gjennom sommaren

Arbeidsstokken til Ulstein-konsernet har auka med over 150 tilsette på eit par år. Og dei treng fleire.

Marius Rosbach
17.07.2025

Arbeid med fleire nybygg gjer at det ikkje blir feriestille ved Ulstein Verft i sommar. 

Nyleg kom skroget til det store kabelskipet Nexans Electra til kai. Det er blant prosjekta som gir fullt opp å gjere for arbeidarane, som kjem til å halde koken gjennom sommaren.

Store delar av den maritime klynga er inn i ei periode med den høgste aktiviteten som har vore på kring ti år. For Ulstein Group sin del er det mest å gjere med nybygg og oppdrag i ettermarknaden. 

Verftet har stor etterspurnad på oppdrag i sistnemnte segment, og godt å gjere på den fronten utover i 2026.  

Samtidig er verftet i sluttfasen med eit vindskip til Bernhard Schulte Offshore. Også Ecofive – som er det første fiskefartøyet med X-Bow-løysinga frå Ulstein – var nyleg inne til eit ettermarknadsoppdrag.

Gunvor Ulstein Per Vidar Kjolmoen Hanne Notoy foto Ulstein Group
POLITIKAR-BESØK: Konsernsjef Gunvor Ulstein (t.h.) tok nyleg i mot Ap-politikarane Hanne Notøy og Per Vidar Kjølmoen på verftet. Då fekk dei mellom anna sjå Ecofive – som er det første fiskefartøyet med X-Bow-løysinga frå Ulstein. Foto: Ulstein Group

Over 150 fleire tilsette på drygt to år
I dag har konsernet kring 510 tilsette i arbeid, får Nett No opplyst frå kommunikasjonsavdelinga. 

Ein titt på arbeidstokken til konsernet bakover i tid, viser at det er ei betydeleg auke i løpet av dei siste par åra. Ved inngangen til 2023 hadde Ulstein Group med sine fire dotterselskap 358 tilsette i arbeid. 

I løpet av 2023 steig talet til 413 tilsette – og halvvegs inn i 2025 har det altså kome kring 100 nye i arbeid. 

I tillegg til eigne tilsette har konsernet kring 300 innleigde arbeidarar på skipsbygginga. 

Treng folk til ei rekke stillingar
– Det har vore ei auke i Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon i løpet av året. Men vi har framleis behov i organisasjonen for meir arbeidskraft i desse selskapa, opplyser kommunikasjonssjef Tonje Øyehaug Ruud til Nett No. 

For augneblinken søker dei etter både sveisar, røyrleggar, elektrikar, og mekanikar, i tillegg til vaktleiar, operatør elektrostål og arbeidsleiarar.

Ulstein Verft oversikt kabelskip Nexans Electra foto Oclin
STOR OPPDRAG: Kabelskipet til Nexans på veg inn i dokkhallen ved Ulstein Verft. Oppdraget med å utruste skipet har ein verdi på godt over milliarden - og kanskje to. Foto: Oclin

Rekordstort nybygg skal leverast neste år
Det 149,9 meter lange kabelskipet til Nexans er mellom dei største verftet nokon gong har levert. Utrustningsarbeidet skal vere ferdig neste år. 

Skipet er konstruert med utgangspunkt i det førre skipet Ulstein bygde for energikjempen, Nexans Aurora. Begge er designa av Skipsteknisk i Ålesund. 

No blir det jobba med skroget i den store dokkhallen til verftet, og i første omgang er det elektrisk arbeid, isolasjon og røyrlegging som blir gjort. Om bord skal også hovudkomponentar, som generatorsett, kraftpakke, dekksmaskineri, vinsjar og dekksutstyr.

Om bord blir det ei todelt svingskive på dekk med kapasitet opp til 10.000 tonn kabel, ei svingskive under dekk som kan ta 3.500 tonn kabel og ein fiberoptisk tank med kapasitet på 450 tonn.

Prisen på skipet er ikkje opplyst, men ligg truleg langt over milliarden – og kanskje to.

Publisert: 17.07.2025 05:00

Sist oppdatert: 17.07.2025 00:32

Mer om