Reiarlaget Koralhav i Brattvåg har starta eit nytt selskap saman med Williksen-konsernet i Rørvik.
Kort fortalt har reiarlaget gått inn med fartøya Koralhav og Koralen, medan Williksen-familien har gått inn med kvoter.
Det fortel dagleg leiar Ronny Nogva då Nett No ringer for å spørje om ei forklaring på rekordoverskotet i fjorårets rekneskap.
– Overskotet kjem av sal av båtane til vårt eige selskap, og blir reinvestert i Kowi-selskapet, seier han.
Brattvåg-reiarlaget er eigd av Nogva sjølv, saman med Leif Egil Grytten, Brødr. Davik AS, Norbert Engeset AS, samt brørne Ola og Håvard Engeset.
– Har halde på med fisk i generasjonar
Reiarlaget har gått inn det nye samarbeidsselskapet med 35 prosent av aksjane. Williksen Fangst AS har ein tilsvarande eigardel.
I tillegg har Ronny Nogva, Leif Egil Grytten og Øyvind Davik aksjepostar på ti prosent kvar i Kowi AS.
– Bak selskapet står det personar som har halde på med fisk i generasjonar. Vi søker samarbeid for å hente ut synergiar og vil sjå kva vi kan få til i lag, seier Nogva.
Får med erfaring frå eksport og sal
Drifta av båtane vil gå som før frå Brattvåg-kontoret.
– I tillegg får vi med oss erfaring med sal og eksport av fisk på Williksen-familien og teknisk støtte. Rekneskapane våre blir til eksempel ført frå Rørvik, legg han til.
Saman med Ronny Nogva, som er dagleg leiar, er skipparane Leif Egil Grytten og Øyvind Davik sentrale i drifta. I tillegg er Johanne Davik Nogva tilsett ved Brattvåg-kontoret, saman med Linda Anita Johnsen, Ståle Ramstad og Jarle Williksen som held i trådane frå Rørvik-kontoret.
Dette er Williksen-konsernet
Williksen-konsernet har base i Rørvik nord i Trøndelag. Konsernet eig mellom anna Williksen Export som driv lakseeksport. Dei har også investeringar i tradisjonelt fiskeri og eigedom.
Konsernet omsette for kring 860 millionar kroner i 2023, og hadde ein eigenkapital ved utløpet av året på over 1,6 milliardar.
Om det er interesse – og vi finn eit erstatningsfartøy – så vil vi heilt klart sjå på det
Vurderer sal av båt frå 1981
I Kowi AS ligg autolinebåtane Koralhav og 1981-bygde Koralen. Den vurderer dei å selje med eller utan kvoter. I tillegg har Koralhav AS autolinebåten Kap Farvel.
– Når ein har eit eldre fartøy som dette, så vil det alltid vere aktuelt å sjå etter moglegheiter til fornying. Båten er ikkje til sal for ein kvar pris, men om det er interesse – og vi finn eit erstatningsfartøy – så vil vi heilt klart sjå på det, seier Nogva.
Som nemnt viser 2024-rekneskapen til Koralhav-selskapet eit rekordoverskot. Årsaka er salsgevinsten av eige fartøy som er bokført med nær 176 millionar kroner.
Årsmeldinga viser at lønnsemda frå fiskeriet gjekk ned i fjor.
| Koralhav AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 230,9 | 113,8 |
| Driftsresultat | 173,9 | -2,6 |
| Resultat før skatt | 157,9 | -26,2 |
Spent på prisutvikling og lågare kvoter
Reiarlaget fiskar både torsk, hyse og sei, i tillegg til brosme og lange. Nogva er spent på utviklinga framover med stadig lågare kvoter.
– Vår del av flåten har hatt dei dårlegaste marginane, og neste år får vi ein nedgang i kvotene som er formidabel. Framtidsutsiktene for hyse ser betre ut, og der går kvotane opp, seier Nogva.
– Det står att å sjå om prisutviklinga kan kompensere for kvotenedgangen. Samtidig vil det vere ei smertegrense for kor høgt den kan gå, legg han til.
Usikkerheit i forholdet til Russland
Forholdet til Russland er eit spørsmål som skapar usikkerheit i bransjen.
Nogva kryssar fingrane for at norske og russiske styresmakter framleis klarer å samarbeide om forvaltinga av fiskeriressursar. Som kjent er forholdet blitt stilt på prøve som følgje av Russland si krigføring i Ukraina.
– Det er gode oppvekstområde for torsken på russisk side, og det er ikkje positivt om det blir teke ut mykje ungfisk derifrå. Difor håpar vi at samarbeidet vil halde fram, seier Nogva.
Publisert: 16.07.2025 15:30
Sist oppdatert: 16.07.2025 17:27






