Larsnes Mek. Verksted hadde eit nytt toppår i fjor, viser rekneskapen som no er offentleg. Omsetninga er mellom dei høgste Sande-verftet har opplevd – og overskotet er «all-time high».
For tredje gong bikka verftet driftsinntekter på 700 millionar kroner i 2024, og enda på ei omsetning på 705 millionar.
Meir enn dobling av overskotet
Samtidig er lønnsemda betra betydeleg med godt over ei dobling av overskotet.
Resultatet før skatt vart på nær 48 millionar kroner (sjå tabell under). Berre i rekordåret 2022 har verftet vore i nærleiken av eit slikt overskot tidlegare.
| Larsnes Mek. Verksted AS | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 705,2 | 703,4 |
| Driftsresultat | 68 | 36,6 |
| Resultat før skatt | 47,7 | 18,9 |
Botnlinja gir ein resultatmargin på nær sju prosent. Det vil truleg vil plassere Larsnes-verftet heilt i toppen av dei mest lønnsame verfta når alle resultata er klare.
Berre Aas Mek. Verksted kunne matche ei slik lønnsemd i Nett No si resultatoversikt for verftsbransjen frå 2023. I år har Vestnes-verftet betydeleg svekka resultat.
Resultatet er endå meir imponerande sett i lys av at verftet har vore gjennom ei periode med brems i deira viktigaste marknad – bygging av brønnbåtar.
Har gjort store investeringar
Styret skriv i årsmeldinga at nye fasilitetar med fullt operativ dokkhall og tilhøyrande produksjonsareal og nye kaier, har auke både sysselsetting og aktivitet betrakteleg.
Da verftsdirektør Jarle Gunnarstein fortalde om investeringane under Fosnavågkonferansen tidlegare i sommar kunne han fortelje at dei samla investeringane dei siste 15 åra summerte seg til kring 600 millionar.
Den 126 meter lange og 24 meter breie hallen er også ein avgjerande årsak til at verftet har inngått eit samarbeid med Ulstein Verft om å bygge nye standardfartøy til forsvaret.
Dokkhallen bidreg med store inntekter
Ein titt på rekneskapen stadfestar korleis dokkhallen gir solide bidrag til økonomien til verftet. I 2024 blei det bokført ei inntekter på over 400 millionar frå nyvinninga som blei teke i bruk på slutten av 2023.
Arbeid med nybygg bidrog med inntekter på kring 200 millionar i fjor. Reparasjonar stod for i overkant av 100 millionar av salsinntektene i rekneskapen.

Har fullt opp å gjere ut året
Verftet hadde 77 årsverk i arbeid i løpet av fjoråret – opp Inkludert innleige var det i snitt 160 arbeidarar i sving i produksjonen gjennom fjoråret.
Styret fortel i årsmeldinga at dei har fullt opp å gjere ut 2025. Dei planlegg å ta inn fire nye lærlingar til hausten.
Framover skal verftet levere ein kombinert båt for snurrevadfiske og bløgging av laks til Myre Kystdrift. Etter sommaren startar arbeidet med utrustning av ein ny brønnbåt for hovudaksjonærane i Rostein.
I løpet av fjoråret vart det levert eitt nybygg frå verftet. Det var ein fiskebåt Jarle Bergs Sønner og Co, som Skipskompetanse i Måløy har teikna.
Publisert: 17.07.2025 12:16
Sist oppdatert: 17.07.2025 17:20






