Vartdal plast jan endre sindre ingvild vartdal foto marius
UTVIDAR: Vartdal Plast-konsernet er eigd av søskena Jan Endre t.v.), Sindre og Ingvild Vartdal. No utvidar dei kapasistet inn mot byggisolasjonsmarknaden. Foto: Maris Rosbach
Nytt

Kjøper to fabrikkar

Vartdal Plast-konsernet bur seg på byggeboom.

17.01.2025

Vartdal Plast-konsernet kjøper to fabrikkar som produserer isolasjonsmateriale til byggebransjen, ein i Spyderberg i Østfold og ein i Stjørdal.

Til saman er det snakk om fabrikkar med ei årleg inntekt på 150-200 millionar kroner i året, med tilsaman 25 tilsette, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast-konsernet.

-Vi riggar oss for det vi ventar vil vere ein byggebransje som kjem tilbake med eit brak, seier Vartdal om kvifor fabrikkane er kjøpt. 

Fabrikkane er kjøpt frå isolasjonmateriale-selskapet Glava. Det fortel selskapa i ei felles pressemelding. Prisen er ikkje opplyst.

Åtte fabrikkar
Etter kjøpet har Vartdal Plast-konsernet åtte heileigde fabrikkar.

Ein ved hovudkontoret på Vartdal i Ørsta og dessutan i Steigen, Bodø, Stjørdal i Trøndelag, Hjelmeland i Ryfylke, Ualand ved Jæren Spydeberg i Østfold og Biri i Innlandet.

Fabrikkane lagar emballasje og byggisolasjon i ekspanderbart polystyren, populært kalla isopor. Fabrikkane i Bodø, Stjørdal, på Vartdal, på Ualand, i Spydeberg og Biri produserere byggisolasjon. Fabrikkane i Steigen, på Vartdal og Hjelmelad lagar emballasje for matvareindsitr, først og fremst fiskeri og oppdrett. 

Konsernet er og medeigar i tre fabrikkar til.

Nær Sverige
Det er eit lett, men plasskrevande material, som gjer at det løner seg å ha produksjon nær marknaden. Med fabrikkane i Stjørdal og på Spyderberg har konsernet styrka seg i to sentrale området og fått ei god dekning av heile landet, etter Jan Endre Vartdal si vurdering.

Det er og eit poeng av fabrikken i Spydeberg ligg nær svenskegrensa og opnar for at selskapet også kan sjå til den svenske markanden.

-Det er ikkje ein usannsynleg veg å tenke, seier Vartdal.

Reduserte inntekter
I 2023 fall inntektene til konsernet og grunnen var  reduserte etterspørsel etter byggisolasjon.

Sal og igangsetting av bustadar fall 33 prosent i 2023 og er no på sitt lågaste nivå sidan 2008, skreiv Vartdal Plast i årsmeldinga for 2023.

Nedgangen marknaden for nye bustader blei delvis kompensert ved auke i marknaden for byggisolasjon til næringsbygg.

Publisert: 17.01.2025 13:30

Sist oppdatert: 17.01.2025 12:40

Mer om