Edelgard eksterioer foto Marius
VESTNES: Kjøttprodusenten har laga eigne produkt, men har også samarbeid og leigeproduksjon for andre. Størsteparten av produkta har til no blitt selt til Bunnpris-kjeda. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kjøttprodusent med 21 tilsette er konkurs

Klarte å snu minus til pluss - så mista dei avtale med storkunde.

Marius Rosbach
30.04.2024

Kjøttprodusenten Edelgard i Vestnes er konkurs etter at det er meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.

– Dette er veldig leit for alle som har stått på til siste slutt, seier dagleg leiar Jon Daniel Nesje til Sunnmørsposten som første melde at konkursen tysdag.

Gjeld på 23 millionar
Bunnpris-kjeden, som har vore den viktigaste kunden til Vestnes-bedrifta, sa opp avtalen i vinter. Det gjorde at bedrifta med hadde 21 tilsette, mista 70-80 prosent av omsetninga.

Ifølgje rettspapira har selskapet ei gjeld på 23 millionar, og verdiane er anslått til kring 14 millionar.

Verksemda var framleis i gong på konkurstidspunktet, og bustyrar i saka er Kristine Grønbech Rolland Devold.

Snudde minus til pluss i fjor
Etter flere tøffe år og tilførsel av ny kapital, enda fjoråret med overskot for Vestnes-bedriften, fortalde Nesje til NETT NO i januar. Samtidig hadde omsetninga gått betydeleg ned.

Nyleg blei det kjent at ni av 30 tilsette blei permitterte, som følgje av oppseiinga av Bunnpris-avtalen.

Selskapet har røtter tilbake Mørekjøtt som blei starta på 1970-tallet. Edelgard-namnet kom på plass i 2020, etter at lokale eigarar tok over selskapet som då heite Kløverkjøtt.

Publisert: 30.04.2024 11:40

Sist oppdatert: 30.04.2024 11:56

Mer om