Edelgard kjøtt innfelt jon daniel nesje foto edelgard
OVERSKOT I FJOR: Edelgard leverer kjøttprodukt til kundar over heile landet. Fjoråret enda i pluss etter omstilling, fortel dagleg leiar Jon Daniel Nesje (innfelt). Foto: Edelgard
Nytt

Snudde minus til pluss i fjor

Kjøttprodusenten Edelgard ser resultat av omstilling etter fleire tøffe år.

Marius Rosbach
18.01.2024

Kjøttprodusenten Edelgard på Vestnes fekk overskot i fjor, etter det dagleg leiar Jon Daniel Nesje kallar eit omstillingsår.

Etter å ha teke fleire grep for å effektivisere drifta og styrke økonomien, ser dei resultat i rekneskapen.

– 2023 gjekk etter forholda overraskande bra. Vi kommer ut med svarte tal, seier Nesje til NETT NO.

Trøbbel etter storkunde gjekk konkurs
Vestnes-bedrifta fekk store utfordringar etter at deira største kunde gjekk konkurs i 2022.

Det er mykje av forklaringa på at 2022 ga eit underskot før skatt på meir enn 11 millionar av ei omsetning på 145 millionar. Det gjorde at bedrifta fekk stram likviditet, og økonomien blei styrka ved å tilføre ny eigenkapital ved omgjering av lån frå aksjonærane.

Nesje fortel at omsetninga for kjøttprodusenten samtidig gjekk betydeleg ned i fjor, samanlikna med dei siste åra.

– Vi har tilpassa kapasiteten, slik at vi har klart å komme ut med positive tall, seier han.

Edelgard eksteriør foto Marius
VESTNES: Det har vore kjøttproduksjon i Edelgard-lokala på Vestnes sidan 1970-talet. Foto: Marius Rosbach

Framtida har vore usikker
Edelgard-sjefen legg ikkje skjul på at bedrifta si framtid har vore usikker, som følgje av utfordringane dei har vore gjennom.

– Og vi har framleis store omstillingar framfor oss, legg han til.

Framover ventar dei auke i omsetninga, og det blir jobba med nye kundar og produkt.

I fabrikken i utkanten av Vestnes sentrum har Edelgard produksjon av eigne produkt, men har også samarbeid og leigeproduksjon for andre. Størsteparten av produkta har til no blitt selt til Bunnpris-kjeda.

Bedrifta har røter tilbake til Mørekjøtt som blei starta på 1970-talet. Edelgard-namnet kom på plass i 2020, etter at lokale eigarar tok over selskapet som då heitte Kløverkjøtt.

Vil etablere nytt produksjonsanlegg
Edelgard er som NETT NO omtala tidlegare i veka, mellom initiativtakarane til Foodture, som vil etablere eit anlegg i verdstoppen for sirkulær matproduksjon på Vestnes.

Nesje er dagleg leiar i Foodture, der Edelgard er inne på eigarsida med kring 44 prosent av aksjane.

– Vi har tru og ambisjonar om at vi skal bli ein viktig deltakar inn i Foodture, seier Nesje.

Restråstoff frå Edelgard er mellom ressursane ein tenker å utnytte i eit produksjons- og foredlingsanlegg plassert lokalt på Vestnes. Det kan både gi nye inntekter for å betre lønnsemda i dagens kjøttproduksjon, og opne døra for nye marknader.

Publisert: 18.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 17.01.2024 22:54

Mer om