Bjorli slalambakke foto Jan Tore Egge Wikimedia commons
TRENG NYTT LØYVE: Ettter konkursen i Bjorli Skisenter i mai må ein eventuell ny drivar søkje på nytt om driftsløyve for heiser og skitrekk. Foto: Jan-Tore Egge/Wikimedia Commons.
Nytt

Bjorli-heiser utan driftsløyve

Ny drivar må ha ny godkjenning for skisenteret.

04.06.2025

Etter konkursen i selskapet Bjorli Skisenter i starten av mai har Statens Jernbanetilsyn trekt attende driftsløyva for skiheisane og -trekka på Bjorli. 

Bjorli Skisenter var selskapet som eigde og dreiv skianlegget i Lesja - medrekna heiser og trekk. Det er Statens Jernbanetilsyn som har tilsynsansvar for skiheiser og gondolanlegg. 

«Eventuell ny virksomhet som ønsker å videreføre driften av taubanene, må søke om nye driftstillatelser», skriv tilsynet i ein e-post til Nett No. 

Driftsløyvet vart trekt 18. i mai i år, og i følgje saksbehandlar har Statens Jernbanetilsyn ikkje fått presentert planar om å starte opp att skianlegget, skriv tilsynet.

Eitt års frist
Anlegget kan heller ikkje bli liggande brakk for lenge, før ei reetablering blir dyrare.

"I tråd med regelverket skal taubaner uten driftstillatelse fjernes innen et år, med mindre noen sannsynliggjør for oss at de vil drive videre.", heiter det i eposten.

Ifølgje kommunikasjonsavdelinga i tilsynet er det vanskeleg å svare på i kor stor grad utført arbeid på anlegget vil gjere det enklare å få nye driftsløyve før ein eventuell ny drivar og tilsynet har fått snakka saman og utveksla informasjon.

Skulle bygge ut Bjorli
Bjorli er eit populært hytteområde både for folk frå Ålesund- og Moldeområdet, mellom dei kjente personar frå næringslivet i regionen. 

Gjennom selskapet Bjorli Utvikling ville dei utvikle Bjorli til ein større skidestinasjon, mellom anna ved å få etablert hotell, serveringsstadar og butikkar, samt inntil 1200 nye fritidsbustadar. Spesielt hotell er viktig, for å trekkje til seg besøkande også midt i veka. 

Utan eit skianlegg i drift er det vanskeleg å sette desse planane ut i livet.

Har over 70 aksjonærar
I selskapa Bjorli Utvikling og Bjorli Skisenter Holding - som eigde Bjorli Skisenter - er det i stor grad dei same personane som sit som eigarar.

Bjorli Utvikling har over 70 aksjonærar. Største aksjonær er Eivind Volstad i Ålesund og familiens investeringsselskap Volstad, med knappe 12 prosent av aksjane. 

Wenche Kjøll Øverbø og Jan Kjøll i Molde eig knappe 10 prosent. Storaksjonær i Geogroup, Olbjørn Kvernberg i Molde og advokat Jon Ketil Gjørtz i Ålesund eig omlag 6,1 prosent kvar. 

Fiskebåtreiar Astrid Louise Strand i Ålesund eig 5,2 prosent gjennom sitt selskap Octopus Invest.

Banken sa nei
Før helga kom ei gruppe av eigarar i Bjorli Skisenter Holding/Bjorli Utvikling med eit bod på anlegget, men banken meinte bodet var for lavt.

Det er Sparebanken Møre som er største kreditor i konkursbuet. Selskapet hadde omlag 40 millionar kroner i gjeld ved konkursen.

Publisert: 04.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 04.06.2025 00:31

Mer om