Atlantic Sapphire fisketank bluehouse foto Atlantic Sapphire 11
HAR FÅTT KJØLT NED FISKEN: Høg temperatur har vore ei utfordring for det landbaserte anlegget til Atlantic Sapphire, som igjen har gitt mindre slaktevolum og sal. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Har fått rett temperatur for fisken

Skal hjelpe Atlantic Sapphire til å få skikk på vekstproblema.

Marius Rosbach
12.10.2023

Atlantic Sapphire har fått rett temperatur for fisken etter at det er installert ekstra kjølekapasitet ved selskapets landbaserte oppdrettsanlegg i Florida.

Det opplyser selskapet i ei børsmelding.

Med den ekstra kapasiteten er temperaturane nede på kring 14 grader som er i tråd med målsettingane. Stabil temperatur er viktig for å sikre god vekst for fisken.

Mindre vekst enn venta
Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse på Vestnes og driv landbasert oppdrett ved Miami i Florida.

I slutten av august meldte oppdrettsselskapet at dei hadde fått problem med at fisken i anlegget vaks mindre enn venta grunna høg temperatur.

Det gjekk utover slaktevoluma, og rekneskapen viste meir enn tredobla underskot første halvår, samanlikna med i fjor.

Lågare slaktevolum
Fiskeveksten har vore negativt påverka også i tredje kvartal grunna utfordringane med høg temperatur i vatnet.

Selskapet slakta kring 365 tonn laks frå juli til og med september, medan nettobiomassevekst i same periode var på kring 100 tonn (RLW). Ståande biomasse i anlegget ved utgangen av september, var på kring 2350 tonn.

Atlantic Sapphire har ikkje hatt den framdrifta selskapet håpa og andre byggesteg er forseinka. Selskapet henta nyleg inn ekstra pengar og kjem med ny oppdatering og rapport frå tredje kvartal den 1. november.

Publisert: 12.10.2023 11:00

Sist oppdatert: 12.10.2023 10:36

Mer om