Atlantic sapphire byggetrinn to mai 2022 foto atlantic sapphire 11
PÅ ETTERSKOT: Atlantic Sapphire har ikkje hatt den framdrifta selskapet håpa og andre byggesteg på anlegget i Florida er forseinka. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Atlantic Sapphire fekk pengane

Kursfall etter ny emisjon. Sjekk dagens børstabell.

20.09.2023

Atlantic Sapphire var mellom børstaparane frå Nordvestlandet onsdag, etter at selskapet henta 702 millionar kroner til rekordlåg kurs.

Før kapitalutvidinga til kurs 1,40 kroner aksjen var Atlantic Sapphire verdsett til 487 millionar kroner på børsen.

Då handelen stengde onsdag var gått ned med kring 40 millionar, etter at aksjen var ned 8,26 prosent til 1,60 kroner.

Fleire av dei eksisterande eigarane er med på kapitalutvidinga, som starta etter børsen stengte tysdag og vart avslutta før midnatt. Men for storparten av aksjonærane er dette eit kraftig utvatning av eigarandelen.

Les børsmelding her

I alt 501 millionar nye aksjar blir skrivne ut gjennom denne kapitalutvidinga. Petter Stordalen-selskapet Strawberry Equites er tildelt 41,8 millionar nye aksjar og Nordlaks Holding 69,4 millionar nye aksjar.

Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse på Vestnes og driv landbasert oppdrett ved Miami i Florida.

Underskot og vekstutfordringar
Oppdrettsselskapet har møtt på fleire utfordringar. I slutten av august kom rapporten for 2. kvartal som viste meir enn tredobla underskot første halvår.

Dei har óg fått problem med at fisken i anlegget veks mindre enn venta grunna høg temperatur. Denne månaden skulle det bli installert meir kjølekapasitet for å handtere problemet.

I løpet av onsdagen blei det også klart at Nortel-aksjonærane får pengar på konto i løpet av kort tid, etter at salet av ålesund-selskapet er gjennomført.

8. september vart det klart at Unifon hadde fått aksept for tilbodet på 27,50 kroner per aksje frå 99,4 prosent av aksjonærane.

Dei største aksjonærane får betalt med ein kombinasjon av kontantar og aksjar i Unifon-systemet, slik at dei blir med vidare på eigarsida etter salet.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Salmon Evolution kr 6,46 2,54 %
Sparebanken Møre kr 80,90 2,46 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,07 2,10 %
Hav Group kr 9,16 1,55 %
Hexagon Purus kr 18,08 1,01 %
Endúr kr 41,50 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,84 -0,35 %
Havila Kystruten kr 1,09 -0,46 %
Arctic Bioscience kr 10,00 -0,50 %
Nortel kr 25,00 -0,79 %
Hexagon Composites kr 34,88 -0,85 %
Hofseth Biocare kr 3,04 -1,30 %
Havila Shipping kr 9,51 -1,96 %
Statt Torsk kr 0,64 -3,03 %
Norva 24 Group* 19,74 kr -4,64 %
Atlantic Sapphirekr 1,60-8,26
* Kurs i SEK

Publisert: 20.09.2023 09:24

Sist oppdatert: 20.09.2023 17:25

Mer om