Tek over 50 aaring i medvind
NEDGANGSÅR: Den siste rekneskapen frå Europrofil-sjef Ronnie Speychal viser store endringar samanlikna med året før. Etter fleire år med vekst, peika pilane nedover. Foto: Europrofil
Nytt

Kjempeutbytte i nedgangsår

Sykkylven-bedrift merkar bremsa i byggebransjen. Men tala ser verre ut enn dei er.

Marius Rosbach
28.01.2025

Europrofil har opplevd kraftig nedgang i både inntekter og overskott, viser deira siste rekneskap. 

Rekneskapen viser at eigarane samtidig tok ut eit utbyte på heile 30 millionar kroner.

Det er klart største utbyte som er teke ut nokon gong, og første utbyte i selskapet sidan 2019. Då blei det teke ut ti millionar. 

Framleis solid eigenkapital
Bedrifta er eit heileigd dotterselskap av det danske industrikonsernet Ib Andresen Industri Holding i Langeskov i Danmark.

Administrerande direktør Ronnie Speychal opplyser til Nett No at utbytte er teke som følge av ønske frå eigarane. 

Eigenkapitalen ved utløpet av rekneskapsåret var likevel på solide 36,2 millionar kroner. Selskapet har avvikande rekneskapsår, frå juli 2023 til juni 2024.

Flytta sal til systerselskap
Bedrifta i Sykkylven lagar i hovudsak tynne stålplater og andre stålprodukt til papirindustrien, maritim sektor og byggenæringa. Nedgangen i sistnemnte bransje forklarar delar av nedgangen i omsetninga.

Inntektene fall frå 102 millionar kroner til 65 millionar kroner samanlikna med året før, ein nedgang på kring 36 prosent.

– De største årsaka til nedgangen er at vi i november 2022 flytta alt sal av byggprofilar til det svenske systerselskapet. Som andre har vi hatt lågkonjunktur i marknaden som vi operere i, fortel administrerande direktør Ronnie Speychal til Nett No. 

Med andre ord ser nedgangen i omsetning i Europrofil-rekneskapen, verre ut enn for konsernet samla. 

Lønnsemda fall kraftig
Resultatet før skatt fall frå 10,5 millionar til 2,2 millionar kroner (sjå tabell under). Overskotet er det lågaste selskapet har levert sidan 2015.

 Europrofil-sjefen fortel at ordreinngangen framleis ligg på eit stabilt – men lågt nivå. 

– Vi jobbar aktivt og strukturert med å effektivisere prosesser og organisasjonen, og følger planen vi har sett opp, seier Speychal. 

Styret skriv i den ferske årsmeldinga at dei ser positivt på framtida og ser eit stort potensial for vekst. 

Verksemda hadde 22 årsverk i arbeid i rekneskapsåret, det same som året før. 

 

Europrofil  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt65,4102
Driftsresultat2,27,4
Resultat før skatt2,210,5
Selskapet har avvikande rekneskapsår, frå juli 2023 til juni 2024.  

Publisert: 28.01.2025 11:54

Sist oppdatert: 28.01.2025 11:54

Mer om