BDO Trond Sotnakk foto Marius
FERSK ANALYSE: Bransjeanalysen som BDO-partnar Trond Sotnakk og dei andre i rådgivings- og revisjonsselskapet har laga, viser at det vil ta tid før pilane peikar opp for bygg- og anleggsbransjen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Bransjeanalyse: – Mange blir meir desperate

Fleire i bygg- og anlegg hamnar i negativ spiral og konkursfrykta aukar, fortel BDO-partnar.

Marius Rosbach
13.12.2024

BDO sin årlege bygg- og anleggsanalyse viser at fleire bedrifter slit med fall i omsetning og marginar grunna kostnadsvekst og høgre rente.

Undersøkinga viser at omsetninga til bedriftene på Sunnmøre i denne bransjen fall med 1,4 prosent i fjor, etter fleire år med omsetningsvekst over ti prosent.

– Kombinasjonen av dette, gjer at mange blir meir desperate, fortel partnar Trond Sotnakk i BDO som har vore med på undersøkinga.

Sjølv om det er lysare utsikter på lenger sikt, er det få teikn til at aktiviteten vil ta seg opp på kort sikt.

BDO sin bransjeekspert meiner det ikkje vil lysne før mot slutten av 2025. Å få fart på offentlege byggeprosjekt, og deretter bustadbygginga, vil vere avgjerande, meiner han.

Sterkare konkurranse på pris
Sjølv om Nordvestlandet lenge har vore mindre hardt ramma enn andre delar av landet, «bit» no situasjonen for fleire også her i regionen.

Sotnakk fortel at analysen peikar på reduksjon i aktivitet, som mellom anna skuldast at nye prosjekt vert utsett.

– Når det er få oppdrag i marknaden, blir det meir konkurranse på pris. I tillegg til at kostnadene går opp, er det mange som samtidig då prisar seg ned for å sikre seg oppdrag. Resultatet blir at marginane blir svakare, legg han til.

– Fleire bedrifter er usikre
BDO-partnaren fortel at ein rekke kundar i byggebransjen fortel at dei allereie er, eller er på veg inn, i ein slik negativ spiral.

Og om dei ikkje legg seg lågt nok i pris, risikerer firmaet å stå utan arbeid til dei tilsette. 

– Det er vanskeleg å få gode prosjekt, som enkelte aktørar kanskje er avhengige av, for å berge seg. Så blir ein heile tida liggande litt etter og jage, fortel Sotnakk. 

Resultatet er ein svekka økonomi i bedriftene og auka konkursfrykt. 

I Møre og Romdal svara 17 prosent av bransjeaktørane at dei frykta konkurs dei neste 12 månadene, i ei undersøking BDO fekk gjort i haust. 

På landsbasis var talet 12 prosent. 

– Årsaka er at fleire bedrifter rett og slett er usikre på om dei klarer å sikre seg lønnsamt arbeid framover, seier Sotnakk.

Trur ikkje konkurstoppen er nådd
Gjennom 2023 og 2024 har det vore ei auke i talet på konkursar i bransjen. Bygg- og anlegg har i denne perioden toppa lista over dei verst råka bransjane, med kring ein tredel av konkursane. 

BDO-partnaren fryktar at toppen ikkje er nådd enno. 

Mange av konkursane skjer fordi bedriftene sin økonomi er svekka over tid. 

På toppen av dårlegare lønnsemd, kjem ei kraftig auke i rekninga for eigarskattane. Mange eigarar må dekke formuesskatten gjennom utbytter, som igjen er underlagt utbyttebeskatning. 

Resultatet vert at likdividitet og arbeidskapital vert svekka uproporsjonalt, påpeiker Sotnakk. 

– Det er spesielt tøft for mange norskeigde bedrifter, og dette med formuesskatt på arbeidande kapital er noko vi høyrer mykje om – både i denne bransjen og frå andre delar av næringslivet, seier han.

Dei store klarar seg best
Det store bilde frå BDO-analysen viser at dei store aktørane i byggebransjen klarar seg best og kaprar større del av marknaden, medan dei minste får det stadig tøffare. 

  • På Sunnmøre hadde aktørar med over éin milliard i omsetning drygt 25 prosent av marknaden i regionen i 2023. 
  • Inkludert selskapa med meir enn 250 millionar i omsetning, hadde dei største aktørane nær 60 prosent av marknaden. 
  • Selskap med omsetning mellom 30 til 100 millionar hadde nær 39 prosent av marknaden. 
  • Dei minste selskapa  som omsett for mindre enn 30 millionar hadde berre kring 2,5 prosent av marknaden i fjor.

– Mange av dei minste har no også kortare ordrereservere enn på lenge, legg Sotnakk til. 

Kjetil Nordang Peab K Nordang foto Marius
HELD KOKEN: Kjetil Nordang leiar Peab K. Nordang, som er mellom dei største aktørane i regionen. Han fortalde nyleg til Nett No at dei held koken med aktivitet på rekordnivå.

Bildet er ikkje heilsvart 
Ein av regionens største entreprenørfirma Peab K. Nordang kunne nyleg fortelje tal som stadfestar utviklinga for dei store aktørane.

Dei har klart å halde omsetninga på eit rekordnivå i 2024 og dagleg leiar Kjetil Nordang rekna med at dei ville klare å levere gode tall på botnlinja også i år. 

Og bildet er ikkje heilsvart på kort sikt, påpeiker Sotnakk i BDO. 

 – Vi hadde venta eit større marginfall enn vi ser i analysen, som viser at bransjen er tilpassingsdyktig, seier han. 

Sotnakk trur samtidig at utviklinga vil tvinge fram endringar, og at bedriftene må ta i bruk ny teknologi for å omstille og effektivisere drifta. 

Publisert: 13.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 13.12.2024 00:22

Mer om