Christer Valderhaug Converto foto Ogne
UTVIDAR AVTALE: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug fortel om auka sal til Kina, men går førebels ikkje ut med tal. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Utvidar Kina-avtale

Arctic Bioscience aukar i Kina.

13.06.2022

Arctic Bioscience har inngått ei ny og utvida avtale om eit strategisk partnarskap med Tromso Nutrition Technologies Co. LTD, ifølgje ei pressemelding.

Tromso Nutrition Technologies Co. LTD er eit datterselskap av Kotler
Marketing Group China.

Avtalen utvidar den eksisterande samarbeidet mellom partane ut 2025, heiter det i børsmeldinga.

Ifølgje børsmeldinga har Arctic Bioscience dobla ordreinngangen frå Kina samanlikna med kva selskapet trudde det skulle oppnå i år. Arctic Bioscience oppgir ikkje kor stor ordreinngangen er.

Arctic Bioscience produserer helsekostprodukt basert på silderogn og har ein psoriasismedisin under utvikling og testing. Selskapet arbeider og med ein medisin retta mot tidleg fødde.

Publisert: 13.06.2022 11:19

Sist oppdatert: 13.06.2022 11:42

Mer om