Eitt steg vidare med psoriasismedisin
Artic Bioscience fekk viktig godkjenning på plass for å utvikle legemiddel.
Selskapet Arctic Bioscience melder tysdag at dei har fått ei godkjenning frå European Medicines Agency (EMA) for ein plan for å utvikle legemiddel mot hudsjukdommen psoriasis.
Godkjenninga kjem etter ei positiv uttale frå Paediatric Committee (Europeisk komite for barnesjukdomar, journ. anm.) om planen som innebærer å utvikle legemiddelkandidaten for bruk av barn.
Ei slik godkjenning som no er på plass, er nødvendig for at selskapet skal få utvikle eit endeleg godkjent legemiddel.
– Viktig milepåle
Det er silderogn som er utgangspunktet for utvikling av medisinen no skal bli testa i ein større studie. Arctic Bioscience Christer Valderhaug seier i meldinga at selskapet no førebur denne studien.
– Eg er glad for at teamet vårt har bevist sin kapasitet ved å nå ein slik viktig milepåle, uttaler han i børsmeldinga.
Ørsta-selskapet si satsinga på legemiddelmarknaden inkluderer også utvikling av eit produkt som kan betre hjerneutvikling hos tidlegfødde.
Bygger fabrikk i Hovdebygda
Inntil ei eventuell godkjenning av legemidddelprodukta er på plass, er
det helsekostprodukt basert på silderogn som er inntektskjelda til
selskapet.
I fjor haust markerer Arctic Bioscience byggestart for ein ny fabrikk til 200 milllionar kroner i Hovdebygda i Ørsta.Den skal kunne produsere både helsekostprodukt og legemiddel.
Dei reknar med å starte produksjon i den nye lokala mot slutten av 2023. Når fabrikken er oppe og går for fullt, reknar selskapet med å ha opptil 40 tilsette. Det vil i tilfelle bety ei dobling frå dagens bemanning.
Publisert: 15.03.2022 11:16
Sist oppdatert: 15.03.2022 13:46