Klare for den store mineraljakta
MINERALJAKT: Mineral for 1000 milliardar kroner ligg på norsk sokkel. Professor Martin Ludvigsen skal leie eit stort tokt der ein skal leite etter mineral på den nordatlantiske ryggen nordvest for Jan Mayen.
Nytt

Klare for den store mineraljakta

I august-september skal det leitast etter mineral på store havdjup utanfor Jan Mayen. Ei rekkje norske selskap håpar på store funn.

01.02.2016
- Ja, interessa er stor. Dette vert spennande.
Det seier professor Martin Ludvigsen ved Institutt for Marin teknikk ved NTNU i Trondheim.
Ludvigsen er også toktleiar, og har no ute ein søknad for å leige inn ein båt til toktet.

Offshore-interesse

Ei rekkje offshoreselskap har alt meldt si interesse.
- Ja, vi er overraska over at store offshoreaktørar er interesserte i eit oppdrag som varer så kort, berre tre-fire veker.
Om bord skal det vere eit tjuetals forskarar, medan båten treng kran og plass og utstyr til å handtere ein ubemanna miniubåt (ROV) og ein automatisk styrt miniubåt (AUV). I tillegg er det viktig at båten har dynamisk posisjonering, slik at ein kan liggje stødig i dei tøffe verforholda som er i området.
- Med den kabelstyrte ROV-en skal vi undersøke havbotnen ned til 1500 meter, med AUV-en ned til rundt 3000 meter, seier Ludvigsen.

Black smokers

Det er på Atlanterhavsryggen på norsk sokkel nordvest for Jan Mayen at testforsøka skal foregå. Her er det ei rekkje undersjøiske vulkanar, ‘black smokers’ som spyr ut store mengder mineralar.
Prosessen oppstår ved at kontinentalplatene forskyv seg, det trenger sjøvatn ned i grunnen, som set i gang prosessar som fører til at mineral frå jordas indre vert spydd ut. I kontakt med det kalde sjøvatnet, størknar minerala og vert liggjande på havbotnen rundt vulkanane.
- Det kan vere snakk om store område med mineral, fleire kilometer frå vulkanen, seier Ludvigsen.

1000 milliardar kroner

Det mineralet som er dominerande er kopar.
- Men det finst også gull, sølv, og også sjeldne mineral som er vanskeleg tilgjengelege på landjorda.
- Spesielt er det interessant med mineralar som kan brukast i den elektroniske industrien.
NTNU har rekna ut at det finst mineral for rundt 1000 milliardar kroner på den norske kontinentalsokkelen.

Statoil-interesse

NTNU har starta prosjektet MarMine og fått 25 millionar kroner i støtte til eit femårig prosjekt der ein ser på ulike teknologiar for å utnytte desse enorme forekomstane.
I tillegg har norske industrielle partnarar gått inn med seks millionar kroner. Med på laget er Statoil og ei rekkje andre norske bedrifter.
- Vi har plass til fleire, seier Ludvigsen.

Tek opp 300-400 kilo

Under toktet i haust, skal ein mellom anna teste eit nyutvikla norsk kamera frå Ecotone som skal klare å identifisere mineraltypen.
Ludvigsen seier at ein håpar også å få opp eit tre-fire hundre kilo med mineral til vidare analysar og testing.
- I tillegg til tekniske eksperiment, skal vi kartleggje forekomstar og analysere mulegheitene for utnytting.
- Vi har også stor fokus på miljøpåverknaden, og ser på korleis det er muleg å få til ei mest muleg miljøvenleg gruvedrift.

Industrifokus

Han seier at sjølv om NTNU er eit Universitetet, har ein eit industrielt fokus på prosjektet.
- Målet er at dette skal verte noko av. Difor er det også så gledeleg at industrien er så interessert i å vere med, både for å utnytte forekomstane, men også i å i utvikle ny teknologi som kan brukast når denne næringa tek av.
- Dette kan verte verkeleg stort, seier Ludvigsen.
Det selskapet som har kome lengst med gruvedrift på havbotnen er Nautilus Minerals. Selskapet forventar å vere i kommersiell gang om eit par år på gruver utanfor Papua New Guinea.

Spesielt er det interessant med mineralar som kan brukast i den elektroniske industrien

Publisert: 01.02.2016 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52