Klart for 13 bomstasjonar rundt Ålesund
Skal hente inn 3,1 milliardar kroner i bompengar. Planlagt oppstart i mai/juni.
Opplegget rundt innkrevjing av bompengar i samband med Bypakke Ålesund er klart. Det skal byggjast totalt 13 bomstasjonar med bompengar begge vegar. Har ein bilist autopass-avtale kostar det 20 kroner for kvar bompassering, men ikkje meir enn 1.200 kroner i månaden totalt.
Utan autopass-avtale er derimot prisen 26 kroner for kvar bompassering.
Elbilar får 50 prosent rabatt, medan tunge køyretøy over 3.500 kilo må betale 52 kroner. Tunge nullutsleppskøyretøy slepp å betale om ein har autopass-avtale.
Ny innfartsveg
Det sentrale prosjektet i Bypakke Ålesund er ny innfartsveg E136 frå Breivika til Lerstad, med anleggsstart i år. Denne delen kostar 1,65 milliardar kroner. I tillegg kjem strekninga Lerstadtoppen – Campus med ein kostnad på 430 millionar.
Heile prosjektet har som mål å fremje miljøvenleg transport ved å frigjere kapasitet til buss, og ved å leggje til rette for fotgjengarar og syklistar.
Ny bru over Brosundet
I prosjektet er det ei rekke mindre tiltak for gangvegar og syklistar, inkludert bygging av sykkelfelt over ny Brosundbro i Ålesund sentrum, samt gangpassasje under denne og under Hellebroa langs Brosundet.
Den nye brua over Brosundet vil etter planen føre til eit heilt nytt trafikkmønster som vil avlaste Hellebroa. I tilknytning til utbygginga av Sørsida i Ålesund er det også planlagt ei ny gate som vil gå frå Keiser Wilhemsgate til Waterfront hotel med tilknytning til den nye bru over Brosundet. Det skal òg byggast breie fortau på begge sider av vegen, som gir god plass til både syklande og gåande.
Det skal også byggjast ny gateterminal med kollektivtrasear i tilkomstgatene for kollektivtransporten i Ålesund sentrum og kollektivknutepunkt ved Campus og Ålesund sjukehus.
15 års innkrevjing
Staten bidreg med 620 millionar kroner i prosjektet, medan Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har til saman vedteke å bidra med om lag 275 millionar kroner.
Det er lagt opp til femten års innkrevjingsperiode av bompengar, men mykje tyder på at det vil vere nok med rundt 12 år.
Bypakke Ålesund opplyser at plasseringa av bomstasjonane sikrar at bilar som skal køyre gjennom området på E39 frå Blindheimsbreivika/Vegsund til Brusdalen slepp å betale bompengar. Då må ein kome inn på E39 før Blindheimstunnelen og følge E39 til etter Brusdalen for å få gratis gjennomkøyring. I dette området er bomstasjonane plassert ved av- og påkøyringsrampene.
Her kjem bomstasjonane:
Sentrum av Ålesund
- Volsdalen bomstasjon: på E39 i Volsdalen, mellom Ysteneset og Nørvevika (omtrent der ein passera Color Line stadion).
- Klipra bomstasjon: Ved Borgundvegen 43 (Klipra seniorsenter).
Lerstad/Hatlane
- Lerstadvegen bomstasjon: på innfartsvegen ved rundkøyringa på Lerstad like etter bensinstasjonen, mot Breivika.
- Hatlaåsen bomstasjon: på Åse rett vest for Hatlaåstunnelen.
- Lerstadtunnelen bomstasjon: i den nye E136 Lerstadtunnelen når den opnar.
Moa/Blindheim/Brusdal
- Breivika bomstasjon: mellom rundkøyringa i Breivika og den store rundkøyringa ved Moa/E39
- Moa bomstasjon: mellom den store rundkøyringa ved Moa/E39 til og frå Brusdalen og Moa, på vegen opp mot kjøpesentera på Moa.
- Olsvika bomstasjon: ved rundkøyringa i Olsvika, ved nedkøyringa frå E39.
- Ytterholen bomstasjon: ved krysset frå Alvikvegen på påkøyringsrampe til E39 Brusdalen.
- Elvebakken bomstasjon: ved rundkøyringa ved Liljedahlsbrua (mellom Blindheimstunnelen og Moatunnelen) i retning Moa-området.
- Liljedahlen bomstasjon: ved rundkøyringa ved Liljedahlsbrua (mellom Blindheimstunnelen og Moatunnelen) i retning Spjelkavik.
- Blindheimsbreivika bomstasjon: like ved Blindheimsbreivika 10, på den gamle hovudvegen mellom Spjelkavik og Blindheim.
- Brusdalsvegen bomstasjon: bomstasjonen ligg på Brusdalsvegen, mellom Rødset og Brusdal, på den gamle vegen ved oppkøyringa til E39.
Publisert: 07.01.2022 14:15
Sist oppdatert: 07.01.2022 13:53