Bypakke ålesund illustrasjon innfelt sylvi listhaug 11
BYPAKKE ÅLESUND: Kartet viser området med aktuelle prosjekt illustrert av Statens vegvesen. Frp og Sylvi Listhaug (innfelt) seier nei til prosjektet. Illustrasjon/foto: Statens vegvesen/Frp
Nytt

La fram bypakka for Ålesund

Regjeringa vil starte bygging av ny veg Breivika-Lerstad neste år. Frp vender tommelen ned for milliardprosjektet.

Marius Rosbach
21.05.2021

Regjeringa la fredag fram forslaget om Bypakke Ålesund i ein proposisjon som blei godkjent i statsråd same dag.

Det blir innkreving av bompengar over 15 år for å finansiere samferdselsløftet, med 13 bomstasjoner med toveis innkreving fordelt på tre bomsnitt (sjå kart over).

Saka vert sendt frå samferdselsdepartementet til Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite førstkomande tysdag. Leiar i styringsgruppa, Tore Johan Øvstebø, uttaler til heimesida til kommunen at dette er «svært gledelege nyheiter».

– Vi har stor tru på eit positivt vedtak i Stortinget, og då er det gitt grønt lys frå alle hald til å starte med Bypakke Ålesund, seier Øvstebø.

Frp seier nei
Finansieringsmetoden vil få Frp til å vende tommelen ned når saka kjem til behandling i Stortinget i juni.

Partileiar Sylvi Listhaug seier til NRK at ho meiner det er urimeleg å sende bilistane ei rekning på 3,3 milliardar kroner for utbyggingane.

Den samla økonomiske ramma for pakka er på om lag fire milliardar kroner.

Vil starte på Breivika-Lerstad neste år
Det sentrale prosjektet er ny E139 som innfartsveg aust-vest til kring to milliardar. Strekninga er på kring tre kilometer, og skal byggast som ein firefelts veg i tunnel frå Breivika til Lerstad.

Regjeringa legg opp til å starte bygginga til neste år, og prosjektet ligg inne i første seksårsperiode i Nasjonal transportplan 2022–2033.

I tillegg kjem prosjektet E136 Lerstadtoppen–Campus som er ei forlenging av Breivika–Lerstad, med ei ramme på 460 millionar kroner.

Gateterminal, nye bruer og sykkelfelt
Bypakka inneheld mellom anna også ny gateterminal med kollektivtrasear i tilkomstgatene for kollektivtransporten i Ålesund sentrum, sykkelfelt over den nye Brosundbrua og gangpassasjer under denne og Hellebrua langs Brosundet.

I tillegg kjem utvikling av kollektivknutepunkt ved Campus og Ålesund sjukehus, samt tiltak for å auke framkomst for buss med gode trasear, går det fram av forslaget.

Les proposisjonen her (ekstern lenke)

Publisert: 21.05.2021 12:59

Sist oppdatert: 21.05.2021 13:14

Mer om