- Etter tre år har vi endeleg fått vår eigen vin til Norge. Vi har jobba svært mykje med merkevara, både i Norge og saman med våre italienske samarbeidspartnarar.
- Vi kan med glede annonsere at våre vinar vil marknadsførast og selde under namnet Vinory.
Det opplyser dagleg leiar Kjetil Blomvik i Vino Piemonte i eit infobrev.
Rundt halvparten av investorane er sunnmøringar, som i tillegg til å vere medeigar i italienske vingardar får rabattart pris på vinen og god pris på leige av vingardane.
Ifølgje har sal av aksjar i dei italienske vingardane vorte ei gullgruve for trioen som starta opp. Aksjar dei sjølve betalte 10 øre for, vart fire månader seinare prisa til 35,90 kroner.
Ifølgje Dine Penger er over 44 millionar kroner funne vegen til sju ulike selskap.
Satsinga held no fram for fullt.
Vino Piemonte AS har også overtatt eigarskapen i Vino Club AS og Vino Import AS.
I 2018 vil Vino Piemonte ferdigstille vingarden Tenuta il Sogno og starte bygginga på Bricco di Nizza.
I tillegg til eksport av sin eigen merkevare Vinory, vert det jobba med å innarbeide ein lokal marknad i Italia.
- Vi har mange kontakter internasjonalt, og vil i hovudsak rette oss inn mot restaurantmarknaden, opplyser Blomvik.
- Vi har i dag to-tre prosjekt på hand som vi forhandlar om, og håper å få kjøpt ein svært attraktiv eigedom i første kvartal 2018.
I dag har selskapet hand om 75 mål vinmark og fire hus.
- Vi kan med glede annonsere at våre vinar vil marknadsførast og selde under namnet Vinory.
Det opplyser dagleg leiar Kjetil Blomvik i Vino Piemonte i eit infobrev.
Mange sunnmøringar
Saman med dei andre ålesundarane André Sperre og Leif Vadseth starta han det sunnmørske vineventyret i 2014. Dei tre eig rundt 60 prosent av selskapet, og har fått med seg rundt 180 medinvestorar som har investert i italienske vingardar i Piemonte-regionen.Rundt halvparten av investorane er sunnmøringar, som i tillegg til å vere medeigar i italienske vingardar får rabattart pris på vinen og god pris på leige av vingardane.
Stor gevinst
For det siste oppkjøpet, kunne ein verte medeigar av 3,5 prosent av ein vingard for ei investering på 183.500 kroner.Ifølgje har sal av aksjar i dei italienske vingardane vorte ei gullgruve for trioen som starta opp. Aksjar dei sjølve betalte 10 øre for, vart fire månader seinare prisa til 35,90 kroner.
Ifølgje Dine Penger er over 44 millionar kroner funne vegen til sju ulike selskap.
Satsinga held no fram for fullt.
Fokus på restaurantmarknaden
Kjetil Blomvik opplyser at selskapet no har tatt i bruk Mandragola, den første ferdigstilte vingarden, med stor suksess.Vino Piemonte AS har også overtatt eigarskapen i Vino Club AS og Vino Import AS.
I 2018 vil Vino Piemonte ferdigstille vingarden Tenuta il Sogno og starte bygginga på Bricco di Nizza.
I tillegg til eksport av sin eigen merkevare Vinory, vert det jobba med å innarbeide ein lokal marknad i Italia.
- Vi har mange kontakter internasjonalt, og vil i hovudsak rette oss inn mot restaurantmarknaden, opplyser Blomvik.
Nye oppkjøp
Han opplyser at selskapet ser på andre eigedomar, men at det for tida er lite til sals i området med den standarden og det utviklingspotensialet som selskapet ønskjer.- Vi har i dag to-tre prosjekt på hand som vi forhandlar om, og håper å få kjøpt ein svært attraktiv eigedom i første kvartal 2018.
I dag har selskapet hand om 75 mål vinmark og fire hus.
Vi har i dag to-tre prosjekt på hand som vi forhandlar om
Publisert: 23.12.2017 09:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16