NPK-NTB-Johan Falnes og Kristian Skårdalsmo: Onsdag møttest regjeringspartia til ein to dagar lang budsjettkonferanse på Statsministerens kontor i Oslo. Der skal siste hand leggjast på statsbudsjettet for 2021.
Statsbudsjettet blir denne gongen utforma under spesielle omstende, og uvissa er stor, understreka statsminister Erna Solberg (H) då ho møtte pressa før møtestart.
Men enkelte ting er likevel klare, ifølgje statsministeren.
– Viss vi skal få til grøn omstilling, viss vi skal få til meir privat næringsliv, viss vi skal få fleire folk tilbake igjen til jobb, då må vi faktisk òg sørgje for at rammevilkåra for næringslivet blir gode dei neste åra, sa ho.
– Då er det eit sjeldan dårleg tidspunkt å annonsere auka skattar for næringslivet på. Tvert imot så bør dei gå andre vegen.
I revidert budsjett i vår kutta regjeringa formuesskatten på arbeidande kapital – i praksis utstyr og maskiner i bedriftene – med 1,3 milliardar kroner.
– Det er eit effektivt tiltak for å sikre lønnsemda i bedriftene. Skal du ha jobbar, må bedriftene kunne tilsetje folk. Dei treng lønnsemd og kan ikkje drive utan det, seier Ropstad til NTB.
Formuesskatten er redusert fleire gonger sidan Høgre og Frp kom til makta i 2013, både gjennom auka botnfrådrag og redusert sats.
Men grepet er omstridt, og kritikarane på raudgrøn side viser til at regjeringa ikkje kan dokumentere at kutta faktisk bidreg til å skape jobbar.
– Det handlar om tiltak både for å skape aktivitet, stimulere til forbruk og for at bedriftene skal halde fram med å produsere. Vi må gjere det enklare å tilsetje fleire, seier han.
Ved utgangen av juli var det registrert 232.700 heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav, noko som utgjer 8,2 prosent av arbeidsstyrken.
– Det er altfor høgt, sa finansminister Jan Tore Sanner (H) på pressetreffet før møtestart onsdag.
– Derfor blir den viktigaste oppgåva i arbeidet med statsbudsjettet for neste år å få arbeidsløysa ned og jobbskapinga opp, sa han.
Uvissa om utviklinga vidare er stor. I revidert nasjonalbudsjett i mai anslo regjeringa ein vekst på mellom 4 og 7 prosent neste år etter eit fall på 4 prosent i år.
Nav anslo i juni ei gjennomsnittleg arbeidsløyse på 4,0 prosent i 2021, men at delen kan falle til 3,1 prosent i eit optimistisk scenario.
I ein pessimistisk prognose, med ei ny smittebølgje og innstramming i tiltaka, kan derimot arbeidsløysa auke til 6,1 prosent i snitt, trur Nav.
Det trur Sanner skal gå bra.
– Høgre, Frp, KrF og Venstre har laga budsjett saman gjennom sju år, og det klare målet vårt er at vi òg skal få det til denne gongen.
Statsbudsjettet blir denne gongen utforma under spesielle omstende, og uvissa er stor, understreka statsminister Erna Solberg (H) då ho møtte pressa før møtestart.
Men enkelte ting er likevel klare, ifølgje statsministeren.
– Viss vi skal få til grøn omstilling, viss vi skal få til meir privat næringsliv, viss vi skal få fleire folk tilbake igjen til jobb, då må vi faktisk òg sørgje for at rammevilkåra for næringslivet blir gode dei neste åra, sa ho.
– Då er det eit sjeldan dårleg tidspunkt å annonsere auka skattar for næringslivet på. Tvert imot så bør dei gå andre vegen.
Formuesskatt
KrF-leiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad trekker fram formuesskatten som døme.I revidert budsjett i vår kutta regjeringa formuesskatten på arbeidande kapital – i praksis utstyr og maskiner i bedriftene – med 1,3 milliardar kroner.
– Det er eit effektivt tiltak for å sikre lønnsemda i bedriftene. Skal du ha jobbar, må bedriftene kunne tilsetje folk. Dei treng lønnsemd og kan ikkje drive utan det, seier Ropstad til NTB.
Formuesskatten er redusert fleire gonger sidan Høgre og Frp kom til makta i 2013, både gjennom auka botnfrådrag og redusert sats.
Men grepet er omstridt, og kritikarane på raudgrøn side viser til at regjeringa ikkje kan dokumentere at kutta faktisk bidreg til å skape jobbar.
Prioriterer arbeidsplassar
Ropstad viser for sin del til at jobbskaping og vekst kjem like under behovet for å verne sårbare grupper, liv og helse og barn og unge på prioriteringslista til regjeringa.– Det handlar om tiltak både for å skape aktivitet, stimulere til forbruk og for at bedriftene skal halde fram med å produsere. Vi må gjere det enklare å tilsetje fleire, seier han.
Ved utgangen av juli var det registrert 232.700 heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav, noko som utgjer 8,2 prosent av arbeidsstyrken.
– Det er altfor høgt, sa finansminister Jan Tore Sanner (H) på pressetreffet før møtestart onsdag.
– Derfor blir den viktigaste oppgåva i arbeidet med statsbudsjettet for neste år å få arbeidsløysa ned og jobbskapinga opp, sa han.
Historisk fall
Nye SSB-tal viste tysdag at det norske bruttonasjonalproduktet fall med 6,3 prosent i andre kvartal.Uvissa om utviklinga vidare er stor. I revidert nasjonalbudsjett i mai anslo regjeringa ein vekst på mellom 4 og 7 prosent neste år etter eit fall på 4 prosent i år.
Nav anslo i juni ei gjennomsnittleg arbeidsløyse på 4,0 prosent i 2021, men at delen kan falle til 3,1 prosent i eit optimistisk scenario.
I ein pessimistisk prognose, med ei ny smittebølgje og innstramming i tiltaka, kan derimot arbeidsløysa auke til 6,1 prosent i snitt, trur Nav.
Må forhandle med Frp
Statsbudsjettet for neste år blir lagt fram 7. oktober. Mindretalsregjeringa må deretter ut i vanskelege forhandlingar med Frp for å sikre fleirtal for budsjettet.Det trur Sanner skal gå bra.
– Høgre, Frp, KrF og Venstre har laga budsjett saman gjennom sju år, og det klare målet vårt er at vi òg skal få det til denne gongen.
Publisert: 26.08.2020 15:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01