Kleven skal byggje dansk superbaat
KONTRAKT. Gitte Henning vert 90,45 meter lang, 17,8 meter brei og skal leverast i 2017.
Nytt

Kleven skal byggje dansk superbåt

Kleven har fått dansk fiskenapp. No skal det byggast ein kombinert trålar og snurpar på Myklebust.

25.10.2015
Kontrakten er med det danske reiarlaget Gitte Henning.
Det var avisa som først skreiv om kontrakten.
Skipet vert over 90,45 meter langt og 17,8 meter breidt, og skal leverast i 2017.

Salt-design

Det er Salt Ship Design son har teikna skipet.
– Det er svært gledeleg at me får ein ny kontrakt så raskt etter at Salt i september inngjekk sin første kontrakt innan fiskeri.

Norske underleverandørar

At me alt no har fått i oppdrag å designe eit nytt, stort fiskefartøy er meir enn me forventa, seier Egil Sandvik i Salt Ship Design, i ei pressemelding.
– Eit godt og nært samarbeid med Kleven har igjen resultert i bygging i Norge. At det i tillegg er snakk om store leveransar frå norske underleverandørar er særs gledeleg i dagens marknad.

Fleksibel

Båten vert mellom anna utstyrt med ei svært fleksibel propulsjons-løysing, der ein kan velje mellom diesel-elektrisk, diesel-mekanisk eller hybrid mode.
Båten får ein RSW-kapasitet på 3.500 kubikkmeter.
Kleven opplyser at selskapet kjem med melding måndag.
Eit godt og nært samarbeid med Kleven har igjen resultert i bygging i Norge

Publisert: 25.10.2015 15:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48