Knallaar til sjoes for Lefdal
OVER FJORÅRET: Tre båtar i 10-millionarsklassen gjer at Jon Olav Lefdals selskap Dreamline Yachts alt no har passert driftsinntektene for heile 2017.
Nytt

Knallår til sjøs for Lefdal

Jon Olav Lefdal med tre gongar høgare båtsal enn året før. Har seld båtar for 30 millionar i sommar.

19.07.2018
- 200 prosent av tida mi går til båt no, seier Nordfjordinvestor og båtentusiast Jon Olav Lefdal.
I 2014 var driftsinntektene til båtforhandlarselskapet hans, Dreamline Yachts, nede i 2,3 millionar kroner. I fjor nådde selskapet 28,9 millionar i driftsinntekter (sjå tabell), det høgaste salet på ni år.
Allereie no har Dreamline Yacts passert driftsinntektene for heile 2017, takka vere sal av tre båtar i 10-millionarklassen i løpet av dei seks siste vekene.

Vekst

Forretningsadressa til Dreamline Yachts er på Nordfjordeid, men kundane er over heile Skandinavia.
- Vi ekspanderer. Vi satsar meir i Oslo. Vi skal satse meir i Sverige og Danmark, seier Lefdal.
Dreamline Yachts er forhandlar for italienske Ferretti Group, som mellom anna har båtmerka Ferretti, Pershing og Riva i stallen. Til tider har båtsatsinga hatt andre prioritet for Lefdal.
- Det har vore ein lidenskap med desse båtane, men eg driv med så masse anna at eg ikkje har fått tid til å jobbe med det slik som eg burde, seier Lefdal til NETT NO i 2014 etter fleire år med meir minus enn pluss i Dreamline Yachts.

Eig ni båtar

Gjennom selskapet Riva Italia, som Lefdals selskap Lefdal Invest tok i fjor, eig han ni utleigebåtar i luksusklassen. Dei fleste blir brukt til dags- eller ettermiddag/kveldsturar, men nokre er også til bruk for overnattingsturar.
Hovudmarknaden er Oslofjorden, der losar på frivakt står for styringa.
Med unntak av den største båten, ein 40 meter lang Riva yacht med plass til 99 passasjerar, er heile flåten til Riva Italia til sals.

Reiseliv og distribusjon

Gjennom Lefdal Invest eig Jon Olav Lefdal drikkevaredistributøren Nor Drikk, Nordfjord Service Terminal (som handterer cruisetrafikken i Olden) og industrieigedomen som tidlegare husa skipsverftet på Løkjaneset vest for Eid sentrum.
Han er medeigar i Nordfjord Turisthotell (eig og leiger ut to hotellbygg på Nordfjordeid) og er også medeigar i cruisekaiselskapet Seawalk Nordfjord.
200 prosent av tida mi går til båt no

Publisert: 19.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24