Strand stillas fabrikk
AVANSERT FABRIKK: Strand Stillas produserer eigenutvikla aluminiumsstillas ved fabrikken på Fiskåholmen og har ei lang rekke ulike stillaspakkar.
Nytt

Knekk i inntektene for stillasfabrikk

Omsetninga gjekk ned - men lønnsemda eit knepp opp.

Marius Rosbach
16.02.2024

Rekneskapen til Strand Stillas i Vanylven viser at selskapet sleit med å halde koken gjennom fjoråret.

Etter at Fiskå-bedrifta i fleire år blei kåra til vekstbedrift i Dagens Næringsliv si årlege gassellekåring, har omsetninga vore stabil dei siste åra.

I 2023 stoppa inntektene rett under 28 millionar kroner – som er ein nedgang på fire millionar frå året før. Samtidig blei lønnsemda betra - og driftsresultatet enda på drygt 1,9 millionar kroner (sjå tabell under).

Avansert produksjon på Fiskå
Strand Stillas har dei siste åra laga eigenutvikla aluminiumsstillas, etter at dei flytta heim produksjonen.

Tidlegare importere dei stillas frå Polen, men hausten 2019 stod deira eiga fabrikk klar til produksjon på Fiskåholmen.

Produksjonen er i stor grad robotisert og selskapet var det første norske selskapet som fekk Sintef-godkjenning for aluminumsstillas.

Strand stillas transport
HEILE LANDET: Vanylven-bedrifta var første til å få Sintef-godkjenning for aluminumsstillas og leverar til store delar av landet.

Sysselsette sju årsverk i fjor
Strand Stillas er eigd av Asbjørn Strand og sysselsette sju årsverk i fjor.

Selskapet blei starta i 2002 og dreiv dei første åra med husbygging og utleige av stillas. Frå 2021 gjekk Strand over til å berre drive utleige av stillas – men utleigedelen av verksemda blei selt i 2021.

Selskapet hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på 9,2 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på knappe 17,3 millionar.

Strand Stillas As

Tall i mill. kroner

20232022
Driftsinntekt27,931,9
Driftsresultat1,91,5
Resultat før skatt0,50,4

Publisert: 16.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 16.02.2024 00:23

Mer om