Prodtex oppdrettsmerd Seafarming Systems foto marius 1
SNART KLAR: Det er Lerøy som har bestilt den nye typen oppdrettsmerd som blir produsert ved Prodtex. Stavanger-selskapet Seafarming Systems har utvikla nyvinningen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Prodtex i sluttspurten med stort oppdrag

Ny type merd kan løyse luseproblemet, spare oppdrettarane for pengar - og gi fleire oppdrag på Fiskåholmen.

Marius Rosbach
31.01.2024

Det er store dimensjonar over den siste produksjonen ved Prodtex i Vanylven.

Utanfor industrihallen på Fiskåholmen er det dei siste dagane reist seg ein kring ti meter høg bogeforma konstruksjon. Ferdig sett saman blir det ein ny type oppdrettsmerd som skal leverast til Lerøy.

Vanylven-bedrifta har fått oppdraget via Seafarming Systems, som har utvikla teknologien til Aquatraz-merda.

– Vi håpar å bygge fleire slike hos Prodtex. Dei har vist seg i stand til å levere og viser stort potensiale på automasjon noko som gjer at dei er konkurransedyktige på pris samanlikna med konvensjonelle verft, fortel dagleg leiar og gründer Alf Reidar Sandstad til NETT NO.

Seafarming Systems foto Alf Roar Sandstad Seafarming Systems
MANGE ÅRS UTVIKLING: Det ligg meir enn 20 års utviklingsarbeid bak oppdrettsmerda Aquatraz. Etter at Salmar har testa fire merdar i fleire år, skal no Lerøy også teste løysinga. Foto: Alf Roar Sandstad/Seafarming Systems

Duk og luseskjørt av stål
Merden er ei sokalla semi-opa løysing med ein omkrets på 160 meter. Øvst oppe er eit åtte meter høgt stålskjørt. Nedste delen består av ein duk som strekk seg ned til 20 meter.

I midten av merda er det spent inn ei not som saman med duken blir strekt ut av ein tung botnring i stål på 25 meters djup. Oppe og nede er merda open.

Sandstad forklarar at merda har eit vannforsyningssystem som løftar opp friskt vatn i midten og skyv vatnet det ut mot kantane, ned og ut av merda. Denne effekten skjer ved hjelp av straumsettere som roterar vatnet inne i merda. Så tar sentrifugalkreftene seg av resten.

Prodtex oppdrettsmerd Seafarming Systems foto marius 22
VIL BYGGE FLEIRE: Om marknaden løsnar håpar Seafarming Systems å bygge ein rekke slike merdar hos Prodtex i Vanlyven. Foto: Marius Rosbach

– Meiner å ha løyst luseproblemet
På sikt er planen å vidareutvikle løysinga, slik at ein kan samle opp avfallet. Slik vil ein både redusere utsleppa lokalt – og få bioressursar som kan nyttast vidare.

Salmar har allereie testa fire tilsvarande merdar med svært god erfaring etter at dei fekk tildelt utviklingsløyver for nokre år sidan. Lusenivået har vist seg å vere lågt nok til at oppdrettarane ikkje lengre har behov for å avluse fisken.

– Vi meiner å ha løyst luseproblemet, og merdane kan bli produsert på ein slik måte at det er meir rimeleg enn å drive lusebehandling, seier Sandstad.

Billigare enn å drive avlusing
Gründeren fortel at produksjonskostnaden per kilo fisk har vist seg å vere fleire kroner lågare med å investere i denne type merdar. I dag utgjer kostnadene til oppdrettsselskapa for lusebehandling kring ti kroner per kilo fisk.

– Det gjer at vi har trua. Sjølv om marknaden er litt forsiktige, så er vi sikker på at det kjem på eit tidspunkt, seier han.

Lerøy har ein strategi om å flytte 20 prosent av produksjonen inn i teknologi som skjermar fisken mot lus og testar ulike teknologiar for dette. Om dei eller andre går for Seafarming Systems si løysing, kan det raskt bli betydeleg meir å gjere for Stavanger-selskapet.

Prodtex oppdrettsmerd Seafarming Systems foto marius 33
GUNSTIG PLASSERING: Den store konstruksjonen er utfordrande å transportere over lengre avstandar. Plasseringa til Prodtex «midt på kysten» er ein fordel. Foto: Marius Rosbach

Utnyttar fordelane ved norskekysten
Til no er det produsert kring 15.000 tonn biomasse i Aquatraz-merdane. Gründeren er overtydd om at dette er vegen å gå for bransjen i kampen mot lusa. Oppdrett til havs og på land har han mindre tru på.

– Norge har ei fantastisk kyststripe med utmerka vasskvalitet og låg bølgjehøgde. Vi bygger vidare på desse naturgitte føresetnadene, og teknologien vår er tilpassa å ligge på beskytta lokalitetar til eksempel i fjordarmar, seier han.

Prodtex er gunstig lokalisert
Om det blir ein «ketchupeffekt» i etterspurnaden vil produksjonskapasiteten ved Prodtex raskt bli sprengt. Det er noko Sandstad har i «bakhodet» som han seier, men i første rekke håpar dei å produsere mange fleire merdar ved Prodtex-hallen på Fiskåholmen.

– Desse merdane er ikkje så lette å transportere over lange avstandar, så posisjonen deira midt på kysten er også veldig gunstig, legg han til.

– Det er store volum og høg aktivitet
Forretningsutviklar Tore Roppen i Prodtex legg ikkje skjul på at dette er ein spennande marknad for bedrifta å utforske. Samtidig har dei hendene fulle på fleire områder.

– Det er store volum og høg aktivitet om dagen, seier han til NETT NO.

For augneblinken går produksjonen på høggir og arbeidsstokken er oppe i fleire enn 40 personar i Prodtex-selskapa samla. I tillegg har dei om lag like mange som er innleigd på Fiskåholmen.

Leverte til regjeringskvartalet
Førre veke blei dei første utgåvene køyretøysperrer som skal sikre regjeringskvartalet levert. Leveransen er del av arbeidet med nytt regjeringskvartal i hovudstaden og Prodtex har opsjon på å levere fleire slike sperrar framover.

– I tillegg til arbeidet med denne store merda, jobbar vi med mellom anna med pilotutgåva til hydrogentankar som skal om bord på skip, fortel Roppen.

Oppdraget Prodtex sikra seg i fjor, kan også vere starten på ein større produksjon på Fiskåholmen.

Prodtex arild krasjtest staut foto prodtex statsbygg 11
REGJERINGSKVARTALET: Arild Djupvik frå Prodtex under installeringa av dei første sperrene i Oslo. Til høyre skjermfoto fra krasjtest i Sverige Foto: Prodtex/Statsbygg

Publisert: 31.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 31.01.2024 01:03

Mer om