Nytt
Knoppskyting rundt septikbedrift
Det gror rundt Septik24 og Nomek i Stryn. Eigarane har skapt si eiga klynge, og fått fart på ideutviklinga.
12.01.2015
- Vi har hatt ei rivande utvikling, og den hadde ikkje skjedd om vi hadde halde til fem kilometer frå kvarandre, seier medeigar og dagleg leiar Elias Loen i industriselskapet Nomek, eitt av samarbeidsselskapa i Septik 24-gruppa.
På Grandane industriområde, like ved Stryn sentrum, er Nomek og dei andre bedriftene i Septik 24-gruppa samla. Samlokaliseringa av alle selskapa har vore avgjerande for utviklinga, meiner Loen. No møtest folk frå dei ulike selskapa i det daglege arbeidet, og det gjer både ideutveksling og ikkje minst utviklingssamarbeidet lettare enn om folk sat kva for seg.
Sjølv om bedriftene er samla under Septik 24-paraplyen, er eigarskapet ulikt i dei ulike selskapa i gruppa. Septik 24 as er største eigar i alle selskapa, men gründarar og nøkkelpersonar er og medeigarar. Går det som eigarane vonar, vil dagens bedrifter vekse med minst 30 tilsette dei neste fem åra.
Septik 24 er stor eigar (cirka 33 prosent) i den mekaniske industribedrifta Nomek i Stryn, som blant anna er sentral når det gjeld å utvikle og produsere utstyr for septikbilar og slamsugarar. Nomek leverer også til Septik 24 sine konkurrentar.
Nomek er i sin tur eigar av det nye selskapet Vendanor, som no er i ferd med å lansere sine propanflaske-automatar i marknaden. Målet er for Nomek er mellom anna å få fleire nye idear ut i marknaden.
Gjennom medeigarskap i selskapet Høst i Grimstad er Septik 24 engasjert i å gjere om organisk avfall til produkt som kan brukast til jordforbedring, og gjennom samarbeidselskapet Smartek har Septik 24 eit tett samarbeid med fleire andre selskap i bransjen.
Saman med Sandbakk-familien i Stryn og Birkelandfamilien i Hordaland er han ein av hovudeigarane i Septik 24-konsernet. I Nomek er dagleg leiar Elias Loen og Bjørn Aage Flo medeigarar.
Slik Bødal vurderer situasjonen i dag er Septik 24-gruppa i god stand til å å finansiere vidare vekst på eiga hand.
Men ingen kunde hos gruppa står for meir enn åtte prosent av driftsinntektene, og Bødal sier det har vore ein medviten strategi å ha mange bein å stå på, både når det gjeld kundar og bransjar. Difor er gruppa heller ikkje sterkt utsett på grunn av oljeprisfallet, meiner han.
På Grandane industriområde, like ved Stryn sentrum, er Nomek og dei andre bedriftene i Septik 24-gruppa samla. Samlokaliseringa av alle selskapa har vore avgjerande for utviklinga, meiner Loen. No møtest folk frå dei ulike selskapa i det daglege arbeidet, og det gjer både ideutveksling og ikkje minst utviklingssamarbeidet lettare enn om folk sat kva for seg.
200 arbeidsplassar
Over 200 personar har arbeidsplassen sin i eitt av selskapa i gruppa, som i utgangspunktet kan synest som ein umake gjeng. Aktiviteten spenner frå tømming av septiktankar til bygging av propanautomatar.Sjølv om bedriftene er samla under Septik 24-paraplyen, er eigarskapet ulikt i dei ulike selskapa i gruppa. Septik 24 as er største eigar i alle selskapa, men gründarar og nøkkelpersonar er og medeigarar. Går det som eigarane vonar, vil dagens bedrifter vekse med minst 30 tilsette dei neste fem åra.
Femner vidt
Septik 24-gruppa er samansett av Septik 24-konsernet, med morselskapet Septik 24 og datterselskapa Miljøservice i Stryn og Johnny Birkeland Transport i Hordaland. Selskapet er det største i sin bransje i Norge og konsernet har kontraktar med over 140 kommunar i Sør-Noreg. Selskapet leverer også tenester knytt til vegvedlikehald, tunellvask, tankvasking og spesialtenester for industrien.Septik 24 er stor eigar (cirka 33 prosent) i den mekaniske industribedrifta Nomek i Stryn, som blant anna er sentral når det gjeld å utvikle og produsere utstyr for septikbilar og slamsugarar. Nomek leverer også til Septik 24 sine konkurrentar.
Nomek er i sin tur eigar av det nye selskapet Vendanor, som no er i ferd med å lansere sine propanflaske-automatar i marknaden. Målet er for Nomek er mellom anna å få fleire nye idear ut i marknaden.
Gjennom medeigarskap i selskapet Høst i Grimstad er Septik 24 engasjert i å gjere om organisk avfall til produkt som kan brukast til jordforbedring, og gjennom samarbeidselskapet Smartek har Septik 24 eit tett samarbeid med fleire andre selskap i bransjen.
Lokale eigarar
- Vi er kanskje over gjennomsnittet opptekne av lokalt eigarskap, seier Arild Bødal, leiar for Septik 24-konsernet.Saman med Sandbakk-familien i Stryn og Birkelandfamilien i Hordaland er han ein av hovudeigarane i Septik 24-konsernet. I Nomek er dagleg leiar Elias Loen og Bjørn Aage Flo medeigarar.
Slik Bødal vurderer situasjonen i dag er Septik 24-gruppa i god stand til å å finansiere vidare vekst på eiga hand.
Står på mange bein
Kvivsvegtunnellen opna for eit langt tettare samarbeid med bedriftene på Sunnmøre, og ein del av veksten til Nomek skuldast at gruppa har fått større innpass i den maritime industrien på Nordvestlandet mellom anna med Nomek sine skipsbrukonsollar.Men ingen kunde hos gruppa står for meir enn åtte prosent av driftsinntektene, og Bødal sier det har vore ein medviten strategi å ha mange bein å stå på, både når det gjeld kundar og bransjar. Difor er gruppa heller ikkje sterkt utsett på grunn av oljeprisfallet, meiner han.
Publisert: 12.01.2015 16:15
Sist oppdatert: 18.11.2021 10:13