Kommersiell 3D-printing klar neste sommar
Robotek i Brattvåg samlar bedrifter.
I vår skal Robotek avslutte eit forprosjekt der selskapet har testa ut bruk av 3D-printing for å produsere deler, saman med industribedrifter på Sunnmøre.
No er målet å få Innovasjon Norge med på å finansiere eit større prosjekt, der Robotek og samarbeidsbedriftene vil ha utvikla 3D-printa deler som er klare for kommersiell produksjon frå sommaren 2022.
Småskala
I dag har Robotek 3D-printerar som kan skrive ut produkt i kompositt- og plastmateriale. I tillegg har Robotek avtalar med selskap som kan skrive ut produkt i metall.
Poenget med 3D-printing ert mellom anna å lage produkt som skal produserast i så små mengder at det ikkje vil løne seg å sette opp ei automatisert produksjonsline, seier dagleg leiar Arne Tande i Robotek.
Tanken er at Robotek både kan bidra til å utvikle 3D-printa produkt og stå for produksjonen fram til brukarane eventuelt treng så mange produkt at det vil løne seg for dei å skaffe seg eigne 3D-skrivarar.
Utvikle produksjonsmiljø
Robotek er blei oppretta i 2016 for å styrke produksjonsmiljøa på Nordvestlandet, med Arne Tande, tidlegare sjef for Rolls-Royce Marine i Brattvåg som primus motor.
Målet var å bidra til at bedriftene held på produksjonen her i Noreg, og aller helst flyttar heim ein del av den produksjonen som er flytta ut.
Selskapet har 19 bedrifter og personar som aksjonærar, med Arne Tandes selskap Offshore & Industry Support, Møre Trafo, Nyborg, Nils N Finnøy Motorfabrikk, Erling Myklebust Mek. Verksted og Nogva Motorfabrikk som dei største.
Robotek as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 2,1 | 1,7 |
Driftsresultat | -0,3 | -0,6 |
Resultat før skatt | -0,3 | -0,6 |
Publisert: 18.03.2021 12:07
Sist oppdatert: 25.10.2021 10:15