Fregattavtale til Kongsberg Gruppen
Vann kontrakt til 17 milliardar saman med Westcon Yards og Coast Center Base.
Kongsberg Gruppen konkurrerte med eit Ulstein Verft/Vard-samarbeid og med Semco Maritime om det attraktive oppdraget med å oppgradere og vedlikehalde dei fire norske fregattane i åra 2024-2029.
Avtalen har også opsjon om forlenging heilt fram til 2040.
NETT NO og andre aviser skreiv tidlegare i år at det sto att tre konkurrentar i finalen, og ei avgjerd var venta før jul.
Les også
Har alliert seg med Westcon og Coast Center Base om oppdrag på fleire milliardar.
Går saman i konkurransen om å få avtale på forsvaret sine fregattar.
Kongsberg, Semco, Endúr og Westcon er med i konkurransen om fregattoppdrag for Forsvaret.
17 milliardar kroner
Kontrakten er på opptil 17 milliardar kroner, skriv Kongsberg Gruppen i ei børsmelding.
"Maritim industri, forsvarsteknologi og digitalisering er Kongsbergs grunnpilarer. I denne rammeavtalen med Forsvaret forenes disse for å optimalisere driften og øke teknisk tilgjengelighet for de norske fregattene ut levetiden, samtidig som det legges til rette for forutsigbare drift- og vedlikeholdskostnader", seier konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen i ei børsmelding.
Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime seier kontrakten også omfattar bru-, navigasjon- og propulsjonssystem, som mellom anna betyr at også tilsette på Nordvestlandet vil bli engasjert i oppdraget.
Eige selskap
Kongsberg Gruppen opprettar eit eige selskap, Kongsberg Naval Services, som skal gjennomfører oppdraget. Selskapet er eigd 50/50 av Kongsberg Gruppen sine datterselskap, Kongsberg Maritime og Kongsberg Defence & Aerospace.
I tillegg til Westcon Yards og Coast Centre Base er WilNor Governmental Services og Wilhelmsen Ship Management med i samarbeidet.
Publisert: 04.12.2023 09:02
Sist oppdatert: 04.12.2023 10:31