Westcon Florø foto Westcon
KONGSBERG-ALLIERT: Westcon har mellom anna verft i Florø. Selskapet er ein av Kongsberg Gruppen sine allierte i konkurransen om å vedlikehalde og oppgradere dei fire norske fregattane. Foto: Westcon
Nytt

Kongsberg med i fregatt-konkurransen

Har alliert seg med Westcon og Coast Center Base om oppdrag på fleire milliardar.

10.03.2023

Torsdag varsla Vard og Ulstein Verft at dei har gått saman for å få jobben med å vedlikehalde og oppgradere fregattane, som ifølgje Forsvaret vil bli på fleire milliardar kroner.

Dei to vart samde om eit samarbeid i fjor, då oppdraget med å oppgradere og vedlikehalde dei fire norske fregattane i åra 2024-2029 vart lyst ut. Dei venta med å opplyse om samarbeidet til dei hadde nådd fram til finalen i konkurransen.

Etter det NETT NO har grunn til å tru, står det no att tre konkurrerande grupperingar.

Les Forsvaret si pressemelding om kontrakten

Alliert med Westcon og CCB
Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime stadfestar at Kongsberg Gruppen at også har kvalifisert seg til finalen.

Kongsberg Gruppen sine samarbeidspartnarar er Westcon og Coast Center Base (CCB). CCB har sitt anlegg med dokk på Ågotnes ved Bergen, Westcon har mellom anna verft i Florø.

Rammeavtalen skal tildelast av Forsvarsmateriell (FMA) i slutten av 2023 og vil også omfatte behova for støtte til allierte fartøy under øvingar og kriser.

Semco er vidare
I fjor haust stadfesta Semco Maritme til Bergens Tidende at selskapet har levert søknad om å bli kvalifisert i konkurransen.

Også dette selskapet er med i finaleomgangen. Semco Maritime har eit anlegg på Hanøytangen ved Bergen.

Publisert: 10.03.2023 08:25

Sist oppdatert: 10.03.2023 09:20

Mer om