Westcon Florø foto Westcon
FREGATTAR: Her vart det tidlegare bygd store kjemikalietankskip. Om Westcon sin samarbeidspartnar vinn milliardkontrakt med Forsvaret kan det bli fregattar i dokkhallen i Florø. Foto: Westcon
Nytt

Kamp om milliardoppdrag

Kongsberg, Semco, Endúr og Westcon er med i konkurransen om fregattoppdrag for Forsvaret.

28.10.2022

Dei fire fregattane til Forsvaret skal vedlikhaldast og oppgraderast i åra 2024-2029.

I løpet av året er det venta å blir avklart kven som blir dei tre som får bli med i konkurransen, før vinnaren av kontrakten blir vald neste år. Avtalen har også ein opsjon om at den kan bli forlenga,

Kontrakten omfattar vedlikehald og oppgradering av både skip og utstyr.

Les pressemelding om kontrakten frå Forsvaret her

Semco Maritime stadfestar til Bergens Tidende at selskapet har levert søknad om å bli kvalifisert i konkurransen. Ifølgje avisa har kontrakten ein verdi på 13 milliardar kroner.

Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime stadfestar til NETT NO at også Kongsberg Gruppen har meldt seg på.

Endúr inne med fleire
Også Endúr og Westcon stadfestar at dei er med, men som samarbeidspartnere, der andre aktørar er frontfigur.

Konsernsjef Jeppe Raaholt i Endúr seier til NETT NO at konsernet «er inne med fleire konstellasjonar», medan Westcon-sjef Øystein Matre seier dei er samarbeidspartnar med ein aktør.

Korkje Matre eller Raaholt opplyser kven deira samarbeidspartnar er.

Treng dokk
Både Endúr og Westcon har noko som den som vinn oppdraget må ha - ein dokk der arbeidet med fregattane kan gjerast.

Om Westcon sin samarbeidspartnar skulle vinne oppdraget er det Westcon-anlegget i Florø som er mest aktuelt å bruke, ifølgje Matre.

Endúr har dokk i Laksevåg i Bergen.

Ulstein Group, der datterselskapet Ulstein Verft har dokk, kommenterer ikkje om selskapet er med i prosjekt som er i eit kvalifiseringstadie.

Meir privat
Fregattoppdraget er eit oppdrag det Forsvaret vil overlate meir av ansvaret for vedlikhald og oppgradering av fregattane til private aktørar.

Målet er mellom anna å effektivisere arbeidet og dermed sikre at fregattane brukar mindre tid på verkstad og er kampklare i lenger periodar:

«Med flere ulike aktører må Forsvaret og Forsvarsmateriell selv lede og integrere underleveransene og det er utfordrende å få til en kosteffektiv planlegging og gjennomføring. Med den nye avtalen vil vi forholde oss til én leverandør med spisskompetanse på integrasjon av mange komplekse delleveranser, og dermed forenkle og effektivisere vedlikehold og oppgraderinger. Leverandøren vil få det helhetlige ansvaret for at fartøyene kan settes raskest mulig inn i tjeneste igjen», skriv Forsvaret i si pressemelding.

Publisert: 28.10.2022 10:43

Sist oppdatert: 01.11.2022 12:10

Mer om