Vard/Ulstein-samarbeid
Går saman i konkurransen om å få avtale på forsvaret sine fregattar.
Vard Group og Ulstein Verft samarbeidar om å få rammeavtalen for modifikasjon og vedlikehald av dei norske fregattane.
- Eit ordtak i den norske maritime klynga er at vi samarbeider når vi kan og konkurrerer når vi må. Det slagordet passar dette samarbeidet mellom Vard Group og Ulstein Verft perfekt, seier administrerande direktør i Ulstein Verft, Lars Lühr Olsen i ei pressemelding.
Rammeavtalen skal tildelast av Forsvarsmateriell (FMA) i slutten av 2023 og vil også omfatte behova for støtte til allierte fartøy under øvingar og kriser.
Frå før er det kjent at Kongsberg, Semco, Endúr og Westcon var med i konkurransen om å få rammeavtalen.
Treng dokk
Dei fire fregattane til Forsvaret skal vedlikhaldast og oppgraderast i åra 2024-2029
Kontrakten omfattar vedlikehald og oppgradering av både skip og utstyr.
Den som vinn oppdraget må ha ein dokk der arbeidet med fregattane kan gjerast. Den dokka har Ulstein Verft.
– VARD har erfaring og kompetanse knytt til bygging og vedlikehald av marine fartøy, medan Ulstein Verft har dokkfasilitetar, og begge selskapa har ei gunstig geografisk plassering på kysten av Nordvestlandet, i kort avstand frå kvarandre og i nærheita av ei rekke leverandørar, seier verftsdirekeøtr Ronny Opsjøn Langset ved Vard Langsten.
Publisert: 09.03.2023 08:10
Sist oppdatert: 09.03.2023 11:19