Verftskonferansen 2025 fv Oystein Matre Westcon Group Lars Luhr Ulstein Verft Ronny Langset leiar Kongsbergs sjomilitaere kontor Cathrine K Marti Vard og moderator Fride Solbakkken i Maritimt Forum Foto Ogne
PANELSAMTALE: Øystein Matre (f.v.) i Westcon Group, Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft, Ronny Langset i Kongsberg Defence & Aerospace, Cathrine K. Marti i Vard og moderator Fride Solbakken i Martitimt Forum. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kongsberg om forsvarsskipa: – Få ei rask avgjerd på design

Meiner det hastar med å kome vidare for å sikre at fleire land vil kjøpe skip frå Norge.

05.11.2025

Tempoet i prosessen med å kjøpe inn nye standardfartøy til Forsvaret har vore mykje diskutert under Verftskonferansen i Ålesund dei siste dagane. 

– Få ei rask avgjerd på design, er rådet frå Ronny Langset som leiar det sjømilitære kontoret til Kongsberg Defence & Aerospace i Ålesund. 

Onsdag fekk industrien høyre Forsvarsmateriell fortelje at det truleg vil bli sett i gong ein prosess i løpet av året med å kome fram til eit overordna design. 

Dette arbeidet kan vere klart i løpet av første kvartal neste år – før industrien deretter skal konkurrere om å bygge og levere utstyr. 

Fleire land ser til Norge
Årsaka til at Langset meiner det hastar med å få på plass eit design, er at sjansen då er større for at andre land også vil vere interesserte i å kjøpe skip frå Norge. 

– Då kan vi med ein gong snu oss rund og jobbe mot våre allierte. Samtidig som vi utviklar eit kjempegodt produkt for Norge, kan vi sikre oss at andre land ikkje går til andre nasjonar, legg han til. 

Langset fortel til Nett No at mellom anna dei baltiske landa Litauen og Estland har vore tydelege på at dei gjerne vil inngå kontraktar med Norge – om tidsplanen passar. 

– Det er ganske mange nasjonar som har ein aldrande flåte, og som har sagt at det er interessant å sjå kva Norge går for, seier Langset. 

– Kan bli den nye olja
Under panelsamtalen som avslutta Verftskonferansen var det samstemt optimisme kring sjansane for å sikre eksport av standardfartøya. 

Det kan gjere at dei allereie rekordstore oppdraga til norsk verftsindustri, kan vekse seg endå større. 

– Dette kan bli den nye olja om vi gjer ting rett, meinte Westcon Yard-sjef Øystein Matre. 

Han meiner det er viktig å få med seg leverandørindustrien tidleg, og at det kan vere lurt å fordele oppdraga mellom fleire verft – slik Forsvarsmateriell har føreslått til departementet. 

Publisert: 05.11.2025 15:35

Sist oppdatert: 05.11.2025 19:40

Mer om