Under Verftskonferansen i Ålesund onsdag fekk ein samla maritim industri endeleg høyre meir konkret korleis forsvaret ser føre seg å utvikle og bygge 28 standardiserte fartøy.
Prosjektleiar Robin Tomren i Forsvarsmateriell kunne mellom anna fortelje at sjølve designarbeidet startar så raskt som råd – etter at Forsvarsdepartementet har gitt grønt lys for eit forprosjekt. Målet er å kome i gang med dette i løpet av året.
– Vi ønsker å ha med så mange som mogleg, og få inn flest mogleg idear, seier Tomren.
Konseptet kan vere klart første kvartal 2026
Prosjektleiaren fortel at dei legg opp til ein kort og intensiv fase for konseptdesign, der ein ikkje går i detaljar. Tomren antydar til Nett No at det kan vere på plass i løpet av første kvartal neste år.
– Vårt forslag er at vi først utviklar designet og at industrien etterpå konkurrerer om å få bygge, seier han til Nett No.
Om alt går etter planen – og Stortinget gjer sitt vedtak – kan det kring årsskiftet 2026/27 vere klart kven som får sjølve byggeoppdraga og levere utstyr.
Kongsberg om forsvarsskipa: – Få ei rask avgjerd på design

Oppdraga kan bli delt opp
Før det skjer, skal industrien konkurrere om oppdraga. Tomren fortalde at dei også opnar for at oppdraga kan bli delt opp i fleire oppdrag og opsjonar.
Tidlegare er det opplyst at bygginga skal starte i 2027 og at dei første skipa skal vere på vatnet i 2030.
– Følger oss godt skodde for å handtere ei stram tidslinje, men det er ingen tvil om at det er krevjande, seier Tomren om tidsplanen.
Det er ingen tvil om at informasjonen var etterlengta hos industrien. Samtidig la ikkje Tomren skjul på at han også gledde seg sjølv.
Skal vere kring 90 og 50 meter lange
Kommandørkaptein Torbjørn Grimeland i Sjøforsvaret deltok også på presentasjonen. Han fortalde meir om kva type fartøy forsvaret ønsker seg.
Frå før er det kjent at det skal vere 10 større havgåande skip, og 18 mindre fartøy med sokalla kystnær plattform.
Dei største skipa skal vere kring 90 meter lange og ha ein fart på 18 til 22 knop. Om bord skal det vere eit fast mannskap på 35-45 personar, i tillegg til at det skal vere plass til 20 til 25 andre personar om bord.
Dei kystnære fartøya skal vere kring 50 meter lange og kunne segle med eit fart på opptil 20 knop. Om bord skal det vere plass til eit mannskap på 23-33 personar, i tillegg til 10-15 andre personar.
Grimeland la vekt på at det skal vere mogleg å utruste skipa på ulike måtar. Ubemanna system med dronar eller fjernstyrte farkostar vil truleg vere sentralt, og skipa skal kunne operere som morfartøy for slikt utstyr.
Publisert: 05.11.2025 13:47
Sist oppdatert: 06.11.2025 08:03






