Ole Havard Stavseng Stordal Mobel foto Marius 2
LANGE TRADISJONAR: Ole Håvard Stavseng har vore dagleg leiar og hovudeigar i bedrifta som har vore i bransjen i meir enn 90 år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Konkurs for bygdas siste møbelprodusent

Lokalt eigde Stordal Møbel melder oppbod.

Marius Rosbach
08.04.2025

Møre og Romsdal tingrett har tysdag opna konkurs i Stordal Møbel etter at selskapet melde oppbod. 

Det er opplyst at gjelda er på 12,7 millionar kroner og at verdiane er på mellom ein halv og ein million kroner. 

Selskapet har 21 tilsette og verksemda var pågåande ved konkurstidspunktet, ifølgje rettspapira. Bustyrar i saka er Bjørn-Ivar Borgund og første skiftesamling er planlagt 2. juni.

Styreleiar Ole Håvard Stavseng kunne tysdag fortelje at det likevel blir vidare drift i Stordal med ny eigar

Jobba med å få inn nye investorar
Stordal Møbel var den siste møbelbedrifta med produksjon i det som tidlegare blei kalla «stolbygda», og har røter tilbake til 1932.

Då Nett Nå møtte dagleg leiar Ole Håvard Stavseng på slutten av fjoråret, fortalde han at dei hadde engasjert rådgjevar med mål om å få inn nye investorar for å sikre ei ny framtid. 

Møbelprodusenten hadde mykje av si omsetning frå store møbelkjeder. Planen var å kapre meir arbeid i utvalde nisjar i prosjektmarknaden, eller kontraktsmarknaden. 

Kjem frå underskotsår
Selskapet som no melde oppbod blei starta opp i 2013.

Det siste offentlege rekneskapen er frå 2023, og viser ei omsetning på knappe 40 millionar kroner. Resultat før skatt enda med nær 900.000 kroner i minus. 

2022 hadde vore endå tøffare og selskapet enda med eit minusresultat på kring fire millionar frå ei omsetning på drygt 47 millionar kroner. 

Meiner prispress har mykje av skulda for nedtur
Kring 500 arbeidarar jobba i Stordal då møbelindustrien var på høgda tidleg på 1990-talet. Den gong pendla folk til Stordal frå nabokommunane. 

I dag utgjer møbelklynga i bygda framleis nokre få andre bedrifter, men ingen lagar lenger møblar i Stordal.

Historikar Eldar Høidal fortalde til Nett No i eit intervju i fjor at han meiner prispress frå kjedene må ta mykje av skulda for utfordringane mange produsentar har møtt dei seinare åra. 

Publisert: 08.04.2025 10:34

Sist oppdatert: 08.04.2025 11:52

Mer om