Konkurs for Fjellsætra-selskap
Skattekrav og reparasjon av ei matvogn blei kroken på døra for kaféselskap ved skisenteret.
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Highfive Event etter krav frå skatteetaten. Kravet for skuldig moms og arbeidsgivaravgift var på nærare 190.000 kroner, ifølgje rettspapira.
Christian Garmann er bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagt i Ålesund 30. oktober.
Ikkje råd til å reparere matvogn
Ifølgje Sunnmørsposten, som først omtalte saka, har Sykkylven-selskapet stått for drifta av Fjellseterstova ved Sunnmørsalpane Skiarena.
Utanom skisesongen har selskapet hatt inntekter frå ei matvogn. Etter at skisesongen tok slutt, har denne stått på verkstad.
Selskapet forklarte til retten at dei har forsøkt å få ned utgiftene dekka av forsikringa. Dette har dei fått avslag på, og selskapet har ikkje midlar til å betale reparasjonen sjølv.
Tapt eigenkapital etter fjoråret
Highfive Event As hadde ei omsetning på drygt 1,5 millionar i fjor, men driftsresultatet enda på meir enn ein halv million i minus.
Eigenkapitalen var i minus ved utgangen av 2022 og langsiktig gjeld var på kring nær 800.000 kroner. Selskapet hadde seks årsverk sysselsett i fjor, ifølgje årsmeldinga.
Eigarane av Restaurant Raus i Sykkylven eig alle aksjane i det konkursråka selskapet.
Trur nye drivarar kjem inn
Tore Styrkar Utgård ved skisenteret Sunnmørsalpane fortel til NETT NO at konkursen kom som ei overrasking.
Tysdag kunne han difor ikkje seie kva som skjer vidare i lokala som har vore leigd ut til kafédrifta. Utgård legg til at han har god tru på at nokon vil starte opp att drift for å sørgje for eit tilbod ved senteret.
Highfive Event blei starta i 2020 tok sikte på å utvikle Fjellsætra som ein heilårs utfartsstad.
Les også
Publisert: 26.09.2023 11:38
Sist oppdatert: 26.09.2023 14:24