Helge Ibrahim foto Ogne
MELDER OPPBOD: Helge Ibrahim har satsa betydelege midlar ved campingplassen på Stranda. No er det meldt oppbod for firmaet Koie Living. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Konkurs for reiselivsselskap i Stranda

Melder oppbod for eitt av selskapa. Held fram drifta elles.

Marius Rosbach
04.11.2025

Sunnmøre tingrett har opna konkurs i selskapet Koie Living i Stranda. Firmaet er ein del av satsinga til Helge Ibrahim på campingplassen ved Stranda sentrum.

Firmaet har ei gjeld på kring 260.000 kroner og det er verdiar for knappe 100.000 kroner, ifølgje rettspapira. Verksemda er innstilt og har ingen tilsette, blir det opplyst vidare. 

Ibrahim opplyser til Nett No at det ikkje har vore drift i Koie Living dei siste par åra – og at det tidlegare berre er nytta som utbyggingsselskap for nokre hytter.

Fallande inntekter
Rekneskapane til Koie Living viser at driftsinntektene til selskapet har falle dei siste åra. Etter 2024 var eigenkapitalen negativ og styret skreiv i årsmeldinga at dei ville følgje nøye med på utviklinga. 

Gjennom selskapet er det investert betydelege summar i nye fritidsbustadar på campingplassen som Ibrahim tok over i 2012. Ibrahim er einaste eigar via selskapet Cemaru Holding. 

Bustyrar i saka er Bjørn-Ivar Borgund og første skiftesamling er planlagt 15. desember. 

Driv også hytteutleige
Koie Living er systerselskap til Stranda Booking der Ibrahim leiger ut hytter på vegne av eigarane. 

Inntektene for dette selskapet har auka og enda på 11,5 millionar kroner i 2024. Eigenkapitalen var på kring 874.000 kroner ved utløpet av fjoråret, og den langsiktige gjelda på 14,7 millionar. 

Ibrahim opplyser til Nett No at konkursen på «ingen måte» vil påverke drifta i systerselskapet. 

Publisert: 04.11.2025 11:33

Sist oppdatert: 04.11.2025 13:19

Mer om