Erlend Hagen Naval Consult Nordhavet i bakgrunnen
MEIRVERDIAVGIFT: Ubetalt meirverdiavgift er årsak til at Skatteetaten kravde konkurs i Naval Consult. Dagleg leiar og medeigar Erlend Hagen (biletet) fekk ikkje gjennomslag for å utsette behandling av konkurkravet.
Nytt

Konkurs for skipsdesignselskap

Selskapet argumenterte med inntekter frå komande oppdrag, men retten opna likevel konkurs.

30.08.2022

Naval Consult i Raudeberg i Kinn kommune er minstemann av skipsdesignselskapa på Nordvestlandet.

I 2019 var det optimisme og jakt på fleire tilsette, og i 2020 hadde selskapet 6,2 millionar kroner i driftsinntekter og 0,45 millionar kroner i resultat før skatt.

No har Sogn og Fjordane Tingrett opna konkurs i selskapet etter krav frå Skatteetaten. Kravet skuldast ubetalt meirverdiavgift på 578.557 kroner.

Trøbbel i fjor
Ifølgje kjennelsen frå Tingretten forklarte dagleg leiar og medeigar Erlend Hagen at grunnen til at meirverdiavgiftkravet ikkje er betalt var at "selskapet har jobba med eit prosjekt for Stadyard AS og reiarlaget Arnøytind AS, der det vart nytta ein polsk underleverandør. Samarbeidet med underleverandøren måtte avsluttast, og ny underleverandør medførte stort behov for dobbeltarbeid og doble kostnader. Dette gjorde seg gjeldande frå april/mai 2021 og utover."

Ein tilsett vart permittert i november i fjor, tre i mai år og i dag er alle tilsette permittert, medan styret arbeider for eiga rekning med å få ny kontrakt på plass, ifølgje forklaringa Hagen gav i retten.

I følgje Hagen si forklaring er gjelda til selskapet på tre-fire millionar kroner.

Motsette seg konkurs
Naval Consult motsette seg konkurskravet, og ville i alle fall få handsaminga av konkurskravet utsett til 30. september i år.

"Selskapet er insolvent, men dei reknar dette som forbigåande, fordi det er store midlar som med stor sannsynlegheit kjem inn snart" heiter det i referatet av Hagen si forklaring i kjennelsen.

Dei komande inntektene skal kome frå eit mogleg oppdrag om bygging av ein båt for reiarlaget Nordhavet. Den moglege kontrakten har ein verdi på 10,5 millionar kroner, og sjanse for at eit utviding med ytterlegare 4,5 millionar kroner, ifølgje forklaringa. Den første fakturaen for oppdraget skal vere på ein halv million kroner og i tillegg vil aksjonærar og bank tilføre midlar slik at kravet frå Skatteetaten kan betalast.

Avviste å vente
Tingretten tok ikkje argumenta til Naval Consult til følgje.

Retten finn det ikkje tilstrekkleg sannsynleggjort at betalingsproblema er forbigåande, og heller ikkje at selskapet sitt arkiv av teikningar har ein verdi som gjer at selskapet har nok verdiar til å gjere opp for seg.

Retten peikar og på at handsaminga v konkurskravet allereie har vore utsett ein gong tidlegare og at intensjonsavtalen med Nordhavet ikkje gir nok tryggleik for at kravet vil bli innfridd i overskodeleg framtid.

Advokat Endre Rutledal er oppnemnd som bustyrar og første skiftesamling er 22. september.

Publisert: 30.08.2022 11:48

Sist oppdatert: 01.01.2023 13:59

Mer om