Purecod gruppebilde foto purecod 22
SATSA PÅ VEKST: 11 personar var med i teamet då Purecod blei etablerte. Mikael Rønes i midten i fremste rekke. Foto: Purecoe
Nytt

Konkurs i Purecod

I fjor fekk selskapet løyve til å drive torskeoppdrett i lukka anlegg i Storfjorden. No er det konkurs.

04.09.2023

Konkursen i torskeoppdrettselskapet blei opna etter krav for ein leverandør som ikkje hadde fått betalt det han meinte å ha krav på, ifølgje bustyrar Bjørn-Ivar Borgund.

Kravet er på 4,1 millionar kroner, ifølgje kjennelsen,

– Når vi skal sette spaden i jorda og byggje ut, vil det vere behov for mykje folk. Vi kjem til å tilsette i produksjonen, men etter kvart også til settefiskanlegg og klekkeri, prosessering og videreforedling, sa markedssjef Teodor Strand-Johansen i Purecod til NETT NO i fjor.

Purecod har adresse i Sykkylven og var eigd av selskapet Blue Future, som i sin tur er ein del av konsernet Global med adresse i Grimstad.

Mikael Rønes, ein av grunnleggerne bak det børsnoterte torskeoppdrettsselskapet Norcod, er administrerande direktør i Global.

"Dette er en viktig milepæl for Purecod, og vi mener det er med på å sette en helt ny standard for næringen. Vi er svært fornøyde med at myndighetene gir oss disse konsesjonene slik at vi kan bevise at dette er en fremtidsrettet måte å produsere torsk på" sa Rønes i ei pressemelding i fjor.

Publisert: 04.09.2023 16:10

Sist oppdatert: 02.01.2024 13:10

Mer om