Severin og odd arne rønes foto purecod 11
FAMILIEGARD: Severin (t.v.) og Odd Arne Rønes på familiegarden som ligg like ved der det nye anlegget for torskeoppdrett kjem i Storfjorden. Garden på Råneset var innspelingstad for NRK-serien der Severin budde på garden i Sykkylven. Foto: Purecod
Nytt

Satsar på torskeoppdrett ved familiegarden

Plassen blei landskjent i NRK-serie. No er den sentral i satsing som kan gi ein rekke nye arbeidsplassar.

Marius Rosbach
14.03.2022

I fleire hundre år har garden på sørsida av Storfjorden i Sykkylven vore i familien Rønes sitt eige. No satsar dei på oppdrett av torsk i selskapet Purecod.

Måndag blei det kjent at dei som første selskap i verda, har fått løyve til å drive produksjon med lukka merder.

Røneset blei for nokre år sidan kjent for tv-sjåarar over heile landet, i NRK-serien om Severin, som budde på den veglause garden på sørsida av Storfjorden.

Broren Mikael Rønes er primus motor og administrerande direktør i Purecod. Faren, Odd Arne, er dagleg leiar og broren, Severin, er engasjert i selskapet som rådgjevar.

– Eg er fødd og oppvaksen i Sykkylven og har eit stort engasjement for å skape lokale arbeidsplassar, fortel Mikael Rønes til NETT NO.

Skal rekruttere fleire type fagfolk
Etter at løyvet er på plass, vil Sykkylven-selskapet starte rekrutteringa av ein rekke tilsette. I første omgang treng dei folk til å drive sjølve anlegget, men også til å handtere avfall frå fisken.

– Eit lukka anlegg blir meir komplekst og det skal handterast fleire tonn avfall kvar dag som skal utnyttast videre, fortel Rønes.

Dei skal bemanne opp på marknadssida og ha inn folk med biologisk kompetanse. I tillegg er det planar om settefiskanlegg og klekkeri som treng tilsette – og på sikt videreforedling av fisken.

(saka held fram under)

Rånes gard torsk foto purecod 11
RÅNESET: I NRK-serien kunne tv-sjåarane følgje einebuarlivet til Severin Rånes og seinare kjærasten på garden. No blir det torskeoppdrett i fjorden og Purecod reknar med å ha fisk i merdene i løpet av 2023. Foto: Purecod

Børssuksess, USA-satsing og svindeldom
Sykkylvingane er også involvert i American Aqua Farm med Maine på østkysten av USA. Der har Mikael Rønes satsa på lakseproduksjon med kapital han fekk etter å ha selt seg ut av det børsnoterte torskeoppdrettsselskapet Norcod.

Mikael Rønes var ein av grunnleggjarane av Norcod-suksessen, men selte seg ut og investerte i nye prosjekt. Holdingselskapet til Rønes, Global As, hadde i 2019 og 2020 eit overskot på totalt 134 millionar kroner.

Det høyrer også med til historia at Mikael Rønes i 2008 blei dømt til fengsel i fire år svindel av fleire tiltals millionar. Sunnmøringen som no er busett i Agder, har vore ope om dommen i fleire intervju. Rønes fortel at det ikkje er så ofte han får spørsmål om dommen lengre.

– Det er ein del av mi historie som eg har vore ope om. No møter eg det eigentleg mest i samtale med journalistar. Elles i forretningslivet møter eg det veldig sjeldan, fortel han.

(saka held fram under)

Purecod gruppebilde foto purecod 22
PURECOD-ANSATTE: Teamet i torskeoppdrettselskapet som er i ferd med å bygge seg opp i Sykkylven. Foran fra venstre: Silje Ellila, Mikael Rønes, Lola Navarro. Bak fra venstre: Thomas Buksholt, Fredrik Friis, Teodor Strand-Johansen, Eirik Jørs og Erling Kristiansen. Foto: Purecod

– Satsar på norsk teknologi
Første steg etter at Purecod har fått på plass løyvet frå fylkeskommunen, er å få produsert utstyret. Anlegget i Storfjorden skal ha fem merder og selskapet er i dialog med fleire leverandørar.

– Vi satsar på norsk teknologi og anlegget skal lagast i Norge, fortel Rønes.

Purecod-gjengen er overtydd om at dette er framtidas type anlegg for bransjen. I fleire tiår har torskeoppdrett nærast vore «brakk», etter tidlegare mislukka satsingar.

Rønes sett pris på at det er halde fram med norske avlsprogram, som har gjort det mogleg å satse på denne formen for oppdrett på nytt. Fleire andre selskap er også i ferd med å etablere anlegg for torskeoppdrett på Nordvestlandet.

Vi satsar på norsk teknologi og anlegget skal lagast i Norge
Mikael Rønes

Feller tek opp avfallet i merdene
Merdene til Purecod vil ha ein dobbel barriere som minimerer risiko for rømming av fisk og påverknad av miljøet. Rønes forklarar at det er ein form for gjennomstrømmingsanlegg der vatnet blir dreve gjennom av pumper.

I botnen er det sedimentfeller som gjer at utsleppa blir redusert betraktleg, og risikoen for rømming blir kraftig redusert.

– Vi gler oss over at styresmaktene gir oss konsesjon slik at vi kan vere med å utvikle industrien i rett retning. Å redusere utslippa til fjorden er spesielt viktig for oss, ikkje minst ettersom vi har hatt denne garden her i fleire hundre år, legg Rønes til.

Publisert: 14.03.2022 16:36

Sist oppdatert: 04.09.2023 15:13

Mer om