Sunnmøre tingrett foto ogne
Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Konkursråka selskap med 31 millionar i gjeld

Tingretten opna konkurs i tradisjonsrike Langlo.

Marius Rosbach
24.11.2025

Måndag opna Sunnmøre tingrett konkurs i Stranda-bedrifta Langlo. Allereie før helga blei det kjent at garderobeprodusenten ville kaste inn handkleet etter fleire år med underskot.

Dei 40 tilsette blei orientert på eit allmøte førre veke. 

I rettspapira kjem det fram at selskapet hadde 31,2 millionar i gjeld og verdiar for kring 20 millionar. Verksemda er framleis i gong, blir det opplyst i avgjerda frå tingretten. 

Øystein Remme er oppnemnt som bustyrar i saka.

Advokaten opplyser til Nett No måndag at han ikkje er orientert om saka utover avgjerda frå retten, men har avtalt eit møte med styreleiar. 

Venta nedgang i år
Etter ei auke i omsetninga i 2022 og 2023, peika pila ned for Langlo i 2024. 

Stranda-bedrifta har satsa mot marknaden for oppussing og rehabilitering hos byggvarekjedene, og påpeika i fjorårets årsmelding at dei venta nedgang i aktiviteten i 2025. 

Førre veke var det altså klart at eigarane ikkje lenger ville satse vidare. Måndag er det klart at også eit av eigarselskapa, Svefossen AS, melder oppbod. Her er det Ringstad-familien og Norsk Sjømat som har vore hovudaksjonærar.

Skandinavias største på 1940-talet
Stranda-fabrikken starta produksjonen allereie i 1918 og har spesialisert seg på garderobeløysingar. 

Dei har hatt skyvedørsgarderobar, spileelement, finerte plater og profiler som satsingsområde. 

På 1940-talet var dei Skandinavias største aktør i si marknad, med kring 240 tilsette i arbeid. 

Pandemiboom og nye underskot
I 2019 var bemanninga nede i 63 årsverk og selskapet fortalde om ein tøff marknad. 

Deretter følgde eit par gode år for Langlo under pandemiboomen vart det overskot i både 2020 og 2021. 

I 2022 blei overskotet halvert, og i 2023 var dei tilbake på minussida. I årsmeldinga for det året blei det varsla ny reduksjon i talet på tilsette. 

Publisert: 24.11.2025 10:57

Sist oppdatert: 24.11.2025 14:35

Mer om