Korleis skape nok jobbar
VIKTIGE BRANSJAR: Møbel, reiseliv, sjømat og maritim industri er døme på viktige bransjar på Nordvestlandet. Dei er også sentrale for å skape nye jobbar.  
Nytt

Korleis skape nok jobbar?

NHO tek opp eit stort spørsmål i årskonferansen. NHO-sjefen i Møre og Romsdal peiker på at regionen spelar ei viktig rolle i bransjar som skal løyse utfordringa.

Marius Rosbach
06.01.2021
Torsdag går NHO sin årskonferanse av stabelen under tittelen «Jobbskaperne». Under det digitale arrangementet blir merksemda retta mot korleis det skal skapast nok jobbar dei neste åra.
Som NETT NO omtala tidlegare i uka, er dei regionale samlingane avlyst, men Nordvestlandet er absolutt ikkje uvesentleg i diskusjonen om korleis utfordringa kan løysast.
– Når vi snakkar om jobbskaping, er det mange av bedriftene her i regionen som vil være viktige for å skape desse arbeidsplassane. Vi har både maritime industri, fiskeri og havbruk og opplevingsbasert reiseliv, seier regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal til NETT NO.
- (startar kl 10)

Må ha vekst i privat sektor

Bakteppet er mellom anna at Norge sin nedgang i olje -og gassnæringa, behovet for vekst i innlandsproduksjonen og at folk må stå lengre i arbeid.
Då trengst ei satsing på privat konkurranseutsett næring og arbeidsplassar for å halde oppe handelsbalansen mot utlandet, meiner NHO. Samtidig kjem det grøne skiftet, der det er venta store endringar i fleire bransjar.
– Det må skapast nye jobbar i privat sektor, ikkje minst for å avgrense veksten i offentleg sektor som følgje av auke forventningar til velferdstenester. Offentlege teneste vil over tid ikkje kunne bli finansiert, utan at vi klarar å få til vekst i private verksemder, seier Remme.
Han meiner det er eit perspektiv som ofte blir gløymd i den politiske debatten.

Saknar visjonære politikarar

NHO-sjef Ole Erik Almlid seier til NTB før konferansen at han skulle ønske at politikarane var meir visjonære, og at bedriftene i dag er meir offensive.
– Eg har eit ønske om at vi i valkampen ser langsiktige, visjonære planar, seier han.
Når jobbane i framtida skal skapast, må dei komme innanfor mange bransjar og sektorar, understrekar NHO-sjefen. Men skal han trekke fram éi satsing, så er det klimateknologi.
– Det er snakk om titals milliardar kroner i verdiskaping og titusenvis av arbeidsplassar, om ikkje meir.

Nasjonale strategiar

Almlid meiner 2020 ikkje berre var koronaåret. Det var òg året då næringslivet for alvor oppdaga forretningsmoglegheitene i ein grønare økonomi.
Det han saknar, er nasjonale strategiar som står i stil med det potensialet som ligg der.
NHO-sjefen meiner regjeringa skal ha ros for at det før jul endeleg vart teke ei investeringsavgjerd på fangst og lagring av CO2 i Noreg. Men den nasjonale hydrogenstrategien som vart lagt fram i fjor sommar, var langt frå så ambisiøs som Almlid hadde ønskt.
– Det er eit kappløp, seier Almlid.
– Nokon kjem til å vinne produksjonen av havvind, produksjonen av batteri og produksjonen av hydrogen. Og Noreg bør vinne han.

Batterifabrikkar

Almlid bruker produksjon av batteri som døme.
I Skellefteå i Sverige blir no bygd det som skal bli Europas største batterifabrikk. Fabrikken, som kallast Northvolt Eitt, vil krevje eit areal tilsvarande 40 fotballbanar og generere 2.500 jobbar.
No planlegg både Morrow Batteries og Panasonic, Equinor og Hydro liknande batterifabrikkar i Noreg. Men både arealtilgang og svakheiter i kraftnettet kan by på problem.
Almlid meiner derfor at Noreg sårt treng ein nasjonal strategi for å sikre at batteriplanane blir noko av.
– Batteriproduksjon er ei verdikjede der du skal ha mineral inn, du skal byggje dei boksane som batteria ligg i, du skal handtere avfall, du skal frakte batteria fram dit dei skal, du skal ha vedlikehald. Det er veldig mange arbeidsplassar, seier han.

Varslar forslag til strategi

For å hjelpe politikarane på veg, vil NHO første halvår leggje fram eit forslag til ein heilskapleg strategi for å sikre eit industrielt løft innanfor klima og energi i Noreg.
Arbeidet med planen er allereie i gang for fullt, og ei rekkje selskap i NHO-systemet er involvert.
Sjølv om Noreg heng etter, er det ikkje for seint, meiner Almlid.
– Det er ikkje slik at styresmaktene skal få ein øyrefik no. Men dette blir viktig i valkampen.

Les også:





Publisert: 06.01.2021 16:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10