Korona noeling hos Fora Form kundar
OPP OG NED: 2019 blei ein solid opptur for Fora Form med hovudkontor i Ørsta, men koronaepidemien gir ein nedtur. 
Nytt

Korona-nøling hos Fora Form-kundar

Etter eit knallår i fjor har koronaepidemien fått Fora Form-kundar til å sette seg på gjerdet.

15.09.2020

- Vi lukkast nær sagt i alle marknaden våre, seier Fora Form-sjef Thomas Haram om 2019.

Driftsinntektene auka med 16 prosent og året blei også eitt av dei mest lønsame møbelprodusenten har hatt (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).

Fora Form lagar møblar for kontraktsmarknaden, frå stolar til kino- og konsertsalar, til venterom og flyplassar, til møterom, kontor og fellesareal i bedrifter og institusjonar. Hovudkontor og monteringsanlegg ligg i Ørsta og selskapet er en del av det svenske børsnoterte selskapet Lammhults Design Group.

Kundane ventar

Etter at koronaepidemien og tiltaka mot den kom, har fleire kundar sett avgjerd om nybygg og utskiftingar på vent. Det slår negativt ut for Fora Form og Haram kallar 2020 eit år selskapet «skal kome seg gjennom».

Han ventar likevel eit overskot, og seier at bortsett frå ei kort periode i starten av epidemien, har alle tilsette vore i arbeid.

Selskapet har omlag 55 tilsette - 40 av dei i Ørsta.

Opne forsyninglinjer

Då koronaepidemien og tiltaka mot den kom i mars, var svikt i tilførselen av komponentar til produksjonen den store skrekken, seier Haram.

Fora Form har underleverandørar også i utlandet, og Haram var redd at leveringane av komponentar til monteringsanlegget i Ørsta skulle stoppe eller bli redusert. Men det var ei ugrunna frykt viste det seg.

I fjor hadde Fora Form ein eksportandel på omlag 15 prosent. Haram går ikkje ut med tal, men seier selskapet så langt i år har nådd budsjettmåla for eksporten.



Publisert: 15.09.2020 11:03

Sist oppdatert: 22.04.2021 11:51