Asle B Stronen Nor Shipping foto Marius
Administrerande direktør i Norske skipsverft Asle Strønen peiker på fleire utfordringar for verftsnæringa og meiner regjeringa manglar ein heilskapleg politikk for bransjen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meiner regjeringa ikkje har nokon politikk for verfta

– Lokale politikarar forstår verdien av verfta, men nasjonalt blir det mest prat, seier sjefen for Norske Skipsverft.

05.12.2025

Administrerande direktør i Norske skipsverft Asle Strønen meiner at Stortinget og regjeringa ikkje har ein samla politikk for verftsnæringa.

– Lokale politikarar forstår verdien av verfta, men nasjonalt blir det mest prat. Marknadsretta garantiordningar ville gjort oss meir konkurransedyktige. Resten kan vi ordne sjølve, seier han til NPK.

Næringa er samtidig uroa over låg ordreinngang og bemanningsmangel. 

Åtvarar mot garantikrav 
I fjor vedtok Stortinget at ein skulle bygge inntil 28 standardiserte fartøy til Forsvaret. Forsvarsdepartementet skal formulerer bestillinga til den statlege etaten Forsvarsmateriell. 

– Noreg har kapasitet til å byggje alle 28 fartøya, i tillegg til sivile oppdrag. Men staten må ikkje setje garantikrav som hindrar norske verft frå å delta. Det vil vere ein reell konkurransebarriere, seier Strønen.

Ulstein Verft har åtvara mot det same i ein kommentar til arbeidet med innkjøp av nye skip til forsvaret. 

Opplever mangel på fagfolk
Mangel på fagarbeidarar er ei stor utfordring. 

Strønen reagerer på innstrammingane i bruken av innleigde arbeidarar, som i hovudsak er utanlandske fagfolk med norske løns- og arbeidsvilkår.

– At det er blitt verre å få tak i arbeidskraft frå utlandet, når alle er einige om at vi manglar folk, er vanskeleg å forstå. Alle fagarbeidarar som bankar på ei skipsverftsdør i dag får fast jobb i morgon. Utfordringa er at det ikkje er nok folk. Difor treng vi innleigd arbeidskraft – og politikken gjer det verre enn nødvendig.

Trass utfordringane meiner Strønen at næringa har stort potensial dersom ho får betre rammevilkår.

– Med riktige garantiordningar kan vi sikre sysselsetjing, innovasjon og beredskap. Det er dette verfta står for, seier han.

Publisert: 05.12.2025 09:56

Sist oppdatert: 05.12.2025 09:56

Mer om