Siggi Olason fekk ein tøff start som sjef for Optimar etter at islandske Kaldbakur tok over som eigar i 2024.
Resultatet før skatt i fjor enda på minus 156 millionar kroner, og så seint som i haust melde Optimar om nedbemanningar.
Optimar leverer anlegg til foredling og handtering av fisk, både til fiskeri- og oppdrettsbransjen, til anlegg på land og om bord i båtar.
Fem år med inntektsfall
I 2019 hadde Optimar over éin milliard kroner i inntekt. Etterpå har koronapandemien, krigen i Ukraina og sanksjonane mot Russland - i tillegg til innføring av grunnrenteskatt på sjøbasert oppdrett, medverka til at driftsinntektene fall år for år.
I 2024 var driftsinntekta nede i 376 millioner kroner. Frå og med 2021 har selskapet gått med underskot.
Les også
Må vekse
På GCE Blue Maritime Cluster og NCE Blue Legasea sin fiskerifagdag på Valderøya denne veka var Olason klar på at nøkkelen til lønsemd er å snu den fallande trenden og få ny inntektsvekst.
Selskapet har arbeidd med å forenkle og forbetre måten det blir arbeidd på, men det er ikkje nok å berre ha blikket retta innover. Optimar må også ha inntektene som forsvarar storleiken og styrken til selskapet, seier Olason.
Der er ein meir positiv trend og investeringsvilje i deler av marknaden, og i den delen av marknaden må Optimar sitte rundt bordet, seier han.
Betra resultat
Også 2025-rekneskapen kjem til å vise eit underskot, men ikkje like stort som i 2024.
– Vil vil ligge rundt nullresultat i 2026 og etter det bør vi vere over, seier Olason.
Publisert: 05.12.2025 05:00
Sist oppdatert: 05.12.2025 10:33






