Korona-rekyl gir rekordar i torskefisket
Nordea spår rekordstor fangstinntekt frå torskefisket i år, og rekordhøg torskepris neste år.
Fangtsinntektene vil auke frå sju milliardar kroner i 2021 til åtte milliardar i år, fordi koronaepidemien slepper taket. Det er vurderinga sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness har om utvikling i torskeprisen i år.
Åtte milliardar kroner er ny rekord i fangstinntekter frå torskefisket.
I 2023 kjem torskeprisen til å stige enda meir, men reduserte kvoter og forventingar om ei sterkare krone gjer at Nordea trur fangstinntektene vil ende mellom sju og 7,5 milliardar kroner.
Rekordhøg kilopris
I rund vekt (heil fisk, med hovud og innmat) får ein pris på minst 22 kroner i år, ifølgje Nordea si vurdering.
Det er omlag som i 2019, det siste året før koronaepidemien.
I 2023 ventar banken ein kilopris på 27-28 kroner per kilo (i rund vekt), også det ein historisk rekord.
Koronasmell i 2021
Fangstinntektene i torskefisket fall frå 7,7 til sju milliardar kroner frå 2020 til 2021. Grunnen var den verdsomspennande koronapandemien, som gjorde at den viktige restaurant-, hotell- og cateringmarknaden (horeca-marknaden) tørka inn, mellombels.
Denne marknaden utgjer omlag ein tredjepart av marknaden for torsk, og no er den på veg tilbake, ifølgje Egeness.
Pandemien kom på seinvinteren 2020, men slo for alvor negativt ut for torskefiskarane i 2021, fordi mykje av 2020-fangsten alt var fiska før koronaen kom.
Langvarig opptur
Bortsett frå 2021 har torskefiskarane hatt ein samanhengande opptur sidan det førre botnåret, i 2013.
Det er fleire årsaker til oppturen og er snakk om eit varig skifte i kva marknaden vil betale, etter Egeness si vurdering:
- Produktutvikling har gjort at torsken har vunne innpass i nye og betre betalande marknadar.
- Fiskarane tek med seg meir av fisken til land, og verdien av restråstoffet aukar inntektene.
- Valutakursen har utvikla seg i gunstig retning for fiskeeksporten.
- I tillegg kjem effekten av ei generell prisstigning (inflasjon).
Publisert: 07.01.2022 06:00
Sist oppdatert: 06.01.2022 22:44