Skjermdump leinebris kvotesak faksimile
REKORD: NETT NO skreiv onsdag om kvotekjøp til rekordpris. Knut Arne Høyvik viser til at dei som har våga og satsa på kvotekjøp, hittil har vunne.
Synspunkt

Dyre kvoter, eller?

Som gamal autolineskipper så rygga eg litt då eg vart kjend med at det har vore omsett minst eit kvotesett i autolineflåten for 150 millionar kroner.

06.01.2022

Men etter å ha tenkt og rekna litt for meg sjølv så såg det straks lysare ut. Det er nokre grunnar til det, det skal eg kome tilbake til.

Bakgrunn
Då vi gjekk inn i år 2000 var det liten tvil om at autolineflåten sleit med ein stor overkapasitet. Vi var over 70 båtar i flåten, lønsemda var svak og mannskapet flykta til andre jobbar. Medisinen som var skriven ut var nådelaus, ein måtte kjøpe ut flåtekapasitet med eigne midlar. Styresmaktene og fiskeriminister Peter Angelsen kom med eit framlegg om lov til å slå saman 4 kvoter pr. båt. Vi tykte det var for liberalt og gjekk inn for tre kvoter pr. båt, og slik vart det. I dag kan vi slå fast at Angelsen var meir framsynt eller oss.

I dag kan ein autolinebåt eller ein konvensjonell havfiskebåt over 28 meter som dei blir kalla- slå saman 5 kvoter pr båt.

Kjøp og sal av fiskerettar har vore kritisert opp og ned i mente, men vi som sat rundt bordet i 1999-2000, såg ei kvotekake på bordet som var alt for lita. Alle måtte gå svoltne frå bordet, dersom vi ikkje gjorde noko. Vegen ut av uføret var som leiken: «Elle, melle deg fortelle skipet går -ut i år. Rygg i rand, to i spann snipp, snapp, snute du-er-ute! Den som trur at dette var enkle val å gjere for oss som var i næringa, har diverre avgrensa kunnskap om korleis situasjonen var.

Nokre kvoter vart i starten seld billeg før prisen på eit kvotesett stabiliserte seg på rundt 20 millionar først på 2000-talet. Det var fleire dårlege år, men rundt 2015 vart tidene betre - og kvotene gjekk for 50 millionar. For dyrt vart det ropt frå sidelinja. Men den raude tråden er klar, dei som våga og satsa har vunne. Dei som snudde ryggen til framtida har tapt. Prisane på fiskerettar speglar situasjonen i dei flåtegrupper det er snakk om. Marknaden styrer resten.

No er prisen på fisken til denne flåten «all time high» og sjølv med ein viss nedgang, vil ei kvote torsk og ei kvote hyse utgjere ein stor fangstverdi.

«Game-changer»
Men det som er verdt å legge mest merke til i denne flåten er det eg vil kalle ein «game-changer». Ålesundsbåten «Atlantic» kom ny i 2019 med ein spennande driftskombinasjon, autoline/ snurrevad. I januar i år kom hordalandsbåten «Østerfjord» med same kombinasjon. Dette er ein driftskombinasjon som vil auke lønnsemda.

Og mine kjelder fortel at det har gått veldig godt med «Atlantic». Snurrevaden er både kostnadseffektiv og effektiv å fiske med - og kvaliteten på fisken er bra. Eg er ganske sikker på at dei som satsar på denne kombinasjonen vil få betre lønnsemd eller eit reint linefiske, samtidig beheld ein oppsida av den krokfanga fisken som ein likevel fiskar.

Skal ein vere med så er det nok ingen veg utanom - kvoter må ein ha. Og dei som satsar og tenker langsiktig må uansett ha lukke til.

Så kan det nemnast som ein kuriositet at prisen på leilegheiter i byane har auka med 234 prosent sidan år 2000. Det er som fiskekvotar, også eit knappheitsgode.

Publisert: 06.01.2022 06:28

Sist oppdatert: 06.01.2022 10:16

Mer om