I samband med at Stortinget 31. mars vedtok økonomiske tiltak i møte med virusutbrotet, blei det løyvd 100 millionar kroner ekstra til Kystverket sitt vedlikehaldsarbeid og opprydding av eigarlause blåskjelanlegg.
Dei økonomiske tiltaka skal bidra til å styrke den kriseramma bygg- og anleggssektoren ved at viktige vedlikehaldsoppgåver blir utført.
Ekstramidlane skal nyttast slik:
– Dette er kjærkomne ekstramidlar som er retta mot naudsynte vedlikehaldstiltak som vi elles ikkje ville klart å prioritere innafor dei rammene vi har for 2020.
- Ferdigstillinga av planunderlaget for dei aktuelle prosjekta er allereie i gang. Vi tek sikte på å sette oppdraga ut i marknaden så raskt som mogeleg og håpar sjølvsagt at lokale entreprenørar gjer seg klar for å konkurrere om dei, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- På denne måten bidrar vi til å halde oppe økonomisk aktivitet i ei spesiell tid, samstundes som vi aukar takta i vedlikehald av fyrbygg og utbetring av kaier og moloar, seier Hareide i ei pressemelding.
Desse får midlar til fyrvedlikehald:
Vedlikehald av kai/molo:
Dei budsjetterte kostnadane knytt til desse vedlikehaldsprosjekta fordeler seg slik i fylkeskommunene:
I tillegg kjem 2,5 millionar kroner til vedlikehald av sjøtrafikksentralen i Vardø (Troms og Finnmark) og 10 millionar kroner til oppryddinga av eigarlause blåskjelanlegg. Desse anlegga er førebels ikkje rekna inn i den fylkesvise fordelinga då det ikkje er avgjort kva anlegg som skal fjernast.
Dei økonomiske tiltaka skal bidra til å styrke den kriseramma bygg- og anleggssektoren ved at viktige vedlikehaldsoppgåver blir utført.
Ekstramidlane skal nyttast slik:
- 87,5 millionar kroner er sett av til ei portefølje av vedlikehaldsprosjekt.
- 10 millionar kroner er sett av til opprydding av eigarlause blåskjelanlegg som potensielt utgjer ein fare for sjøtrafikken.
- 2,5 millionar kroner er sett av til vedlikehald av bygningsmassen til sjøtrafikksentralen i Vardø.
- Kjærkomne ekstramidlar
Prosjekta som får midlar er prosjekt som kan komme raskt i gang og som passar godt for små og mellomstore bedrifter, opplyser Kystverket i ei pressemelding.– Dette er kjærkomne ekstramidlar som er retta mot naudsynte vedlikehaldstiltak som vi elles ikkje ville klart å prioritere innafor dei rammene vi har for 2020.
- Ferdigstillinga av planunderlaget for dei aktuelle prosjekta er allereie i gang. Vi tek sikte på å sette oppdraga ut i marknaden så raskt som mogeleg og håpar sjølvsagt at lokale entreprenørar gjer seg klar for å konkurrere om dei, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Held oppe aktiviteten
Samferdsleminister Knut Arild Hareide seier at ein har følgt opp vedtaket frå Stortinget om å løyve 100 millionar kroner ekstra til Kystverket.- På denne måten bidrar vi til å halde oppe økonomisk aktivitet i ei spesiell tid, samstundes som vi aukar takta i vedlikehald av fyrbygg og utbetring av kaier og moloar, seier Hareide i ei pressemelding.
Desse får midlar til fyrvedlikehald:
- Møkkalasset fyr i Arendal kommune, Agder fylkeskommune
- Digerudgrunnen fyr i Frogn kommune, Viken fylkeskommune
- Homlungen fyr i Hvaler kommune, Viken fylkeskommune
- Store-Torungen fyr i Arendal kommune, Agder fylkeskommune
- Lista fyr i Farsund kommune, Agder fylkeskommune
- Ryvingen fyr i Lindesnes kommune, Agder fylkeskommune
- Hellisøy fyr i Fedje kommune, Vestland fylkeskommune
- Kråkenes fyr i Kinn kommune, Vestland fylkeskommune
- Skongenes fyr i Kinn kommune, Vestland fylkeskommune
- Ulvesund fyr i Kinn kommune, Vestland fylkeskommune
- Hendanes fyr i Kinn kommune, Vestland fylkeskommune
- Skalmen fyr i Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Bjørnsund fyr i Hustadvika kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Ulla fyr i Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Skomvær fyr i Røst kommune, Nordland fylkeskommune
- Bremstein fyr i Vega kommune, Nordland fylkeskommune
- Træna fyr i Træna kommune, Nordland fylkeskommune
- Brannverntiltak i flere fyrbygningar i fleire kommuner i Møre og Romsdal fylkeskommune
- Ytre Møkkalasset fyr i Arendal kommune, Agder fylkeskommune
- Geita fyr i Askvoll kommune, Vestland fylkeskommune
- Storholmen fyrstasjon i Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Skomvær og Landegode fyrstasjonar i Røst/Bodø kommune, Nordland fylkeskommune
- Makkaur fyr i Båtsfjord kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
- Bøkfjord fyr i Sør Varanger kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
Vedlikehald av kai/molo:
- Nordre Bjørnsund-Fræna i Hustadvika kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Kvalsund-Herøy i Herøy kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Kvalsvik-Herøy i Herøy kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Hareid i Hareid kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Veidholmen allmenningskai, Innveien i Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Dypfestvåg allmenningskai i Bjugn kommune, Trøndelag fylkeskommune
- Fullføre reparasjon molo Andenes fiskerihamn i Andøy kommune, Nordland fylkeskommune
- Hovsund molo i Vågan kommune, Nordland fylkeskommune
- Skarstahamn molo i Ballangen kommune, Nordland fylkeskommune
- Laukvik molo i Vågan kommune, Nordland fylkeskommune
- Vikvågen molo i Sømna kommune, Nordland fylkeskommune
- Bolga allmenningskai i Meløy kommune, Nordland fylkeskommune
- Husøy molo i Lenvik kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
- Vadsø sandfangarmolo i Vadsø kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
- Gamvik molo (Langskjærmoloen) i Gamvik kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
- Ersfjord allmenningskai i Berg kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
- Årviksand allmenningskai i Skjervøy kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
- Gamvik allmenningskai i Gamvik kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
- Sandland allmenningskai i Loppa kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune
Dei budsjetterte kostnadane knytt til desse vedlikehaldsprosjekta fordeler seg slik i fylkeskommunene:
- Agder 9 350 000
- Møre og Romsdal 21 450 000
- Nordland 22 500 000
- Troms og Finnmark 23 100 000
- Trøndelag 1 500 000
- Vestland 5 600 000
- Viken 800 000
I tillegg kjem 2,5 millionar kroner til vedlikehald av sjøtrafikksentralen i Vardø (Troms og Finnmark) og 10 millionar kroner til oppryddinga av eigarlause blåskjelanlegg. Desse anlegga er førebels ikkje rekna inn i den fylkesvise fordelinga då det ikkje er avgjort kva anlegg som skal fjernast.
Publisert: 21.04.2020 13:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56